Flyktningane ønskjer å takka for kleda som vart donerte i samband med Fusa frivilligsentral sin vinteraksjon. Alle som har bidrege, vert oppmoda om å koma på tysdagens språkkafé. Biletet er frå eit tidlegare språkkafé-arrangement. Fritidsleiar Heidi Skår Dale sit til venstre i biletet. (Arkivfoto)
Flyktningane ønskjer å takka for kleda som vart donerte i samband med Fusa frivilligsentral sin vinteraksjon. Alle som har bidrege, vert oppmoda om å koma på tysdagens språkkafé. Biletet er frå eit tidlegare språkkafé-arrangement. Fritidsleiar Heidi Skår Dale sit til venstre i biletet. (Arkivfoto)

Inviterer til takkefest

Flyktningane er svært takksame for vinterkleda dei har fått frå gåvmilde fusingar. Tysdag inviterer dei til takkefest på språkkafeen i Eikelandsosen.

I midten av januar arrangerte Fusa frivilligsentral, flyktningtenesta og kulturkontoret i Fusa kommune ein vinteraksjon for å samla inn vinterklede til kalde flyktningar. Responsen lét ikkje venta på seg. Fusingane donerte heimestrikka ullklede, ytterklede, labbar, huer, votter, sjal, sko og ullteppe i bøtter og spann.

- Det var utruleg mykje flotte klede. I samband med utdelinga viste me flyktningane korleis dei skal ta vare på ullkleda på best mogleg måte, fortel fritidsleiar hjå Fusa frivilligsentral, Heidi Skår Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som takk for alle strikkeplagga, og alt det andre fusingane velvillig gav vekk, inviterer mottakarane av kleda til takkefest i samband med tysdagens språkkafé.

- Dette er folk som svært gjerne vil gje tilbake, og som er utruleg takksame for den hjelpa dei får, seier Dale.

Aukande interesse

Alle som har bidrege til vinteraksjonen, vert oppmoda om å koma. På takkefesten står mellom anna småkaker frå heimlanda til flyktningane på menyen. Det vert òg ei enkel middagsservering, slik som har vore vanleg på språkkafeen dei siste gongane.

- Er fusingane flinke til å gå på språkkafé?

- Ja, interessa aukar for kvar gong. For to veker sidan var det fleire enn 50 personar til stades, seier Dale.

Fritidsleiaren fortel at språkkafeen er viktig for flyktningane, men også for fusingane som kjem.

- På språkkaféen får ein god innsikt i integreringsarbeidet, ein får god kontakt med flyktningane og ein ser kor mykje flott dei kan, og ønskjer å bidra med, seier Dale.

Samtalen flyter godt. Det er på språkkafé vi lærer norsk, fortel flyktningane, ifølgje Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Språkkafeen er eit godt supplement til den andre norskopplæringa. I tillegg til å snakka saman, hender det at vi arrangerer quiz med oppgåver om norsk geografi, natur- og dyreliv, osv., fortel Dale.

Språkkafeen finn stad i aktivitetssenteret til Fusa kommune på Fusa vidaregåande skule anna kvar tysdag (oddetalsveker).