Roughnecken frå Halhjem, Daniel Humlen Halhjem, ser ikkje svart på å måtta jobba i jula. - Eg kjem sjølvsagt til å sakna familien, men det hadde vore verre om sonen min Elias (18 månader) var eldre, seier Halhjem.
Roughnecken frå Halhjem, Daniel Humlen Halhjem, ser ikkje svart på å måtta jobba i jula. - Eg kjem sjølvsagt til å sakna familien, men det hadde vore verre om sonen min Elias (18 månader) var eldre, seier Halhjem.

Første jul offshore

I tre år har Daniel Humlen Halhjem (26) vore heldig med turnusen, men i år må han feira jul offshore for første gong.

- Dette er den fjerde jula sidan eg vart tilsett. Dei tre føregåande julaftane var eg heldig, men i år måtte eg ut, seier Halhjem, som jobbar som roughneck, også kalla borredekksarbeidar, på Scarabeo 5.

Må ta med gåve og finstas

Turnusane vert laga god tid i forvegen, så Halhjem har vore klar over at det ikkje blei julefeiring med familien i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg gruar meg ikkje til å vera vekke i jula. Sonen min, Elias, er berre 18 månader, så han forstår ikkje så mykje av jula, eller at eg er borte. Det hadde vore verre om han var eldre, seier Halhjem.

På riggen vert det pynta til jul for å laga julestemning for dei som må jobba.

- Eg fekk ein e-post om at eg måtte kjøpa med meg ei gåve. Eg reknar med det blir loddtrekking om gåvene. Dressen kjem nok til å bli pakka ned også. I jula vert det laga til julemat på riggen. Satsar på at det er pinnekjøtt og ribbe, seier Halhjem.

Halhjem er ikkje redd for å skada seg på jobb, sjølv om det vert sagt at roughneck er eit av verdas farlegaste yrke. - Det er større sjanse å skada seg i trafikken på veg til jobb, seier Hahjem.
Halhjem er ikkje redd for å skada seg på jobb, sjølv om det vert sagt at roughneck er eit av verdas farlegaste yrke. - Det er større sjanse å skada seg i trafikken på veg til jobb, seier Hahjem.

Kjem til å sakna familien

- Kva kjem du til å sakna med å ikkje vera heime?

- Stemninga på julekvelden. Eigentleg heile pakken med familien, gåver og god mat, seier Halhjem.

I venekretsen hans er det tradisjon å samlast i jula, gjerne første juledag.

- Det er òg noko eg kjem til å sakna. Då treffer ein gjerne vener som ein ikkje har sett sidan sist jul, fordi dei har flytta vekk. Men sjølv om eg kjem til å sakna den sosiale biten med vener, er det nok julaftan med familien eg kjem til å sakna mest, seier Halhjem.

Eit av verdas farlegaste yrker

Sjølv om det er jul, er det inga forandring i arbeidstidene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me må jobba frå klokka 07.00 til 19.00. Alt går sin vante gang. Det gjer det 365 dagar i året, seier Halhjem.

- Eg ser at roughneck vert omtala som eit av verdas farlegaste yrker. Kjenner du det på kroppen når du jobbar?

- Eg har høyrt det same, men det må stamma frå før i tida, då det var litt meir cowboy-stil på arbeidet. No er det utruleg fokus på tryggleik, som kor ein skal ha armar og slikt til ei kvar tid, så eg er ikkje bekymra, seier han og held fram:

- Statistikk seier at det er større risiko for å skada seg i trafikken på veg til jobb, enn det er for at ei ulukke skal skje på riggen.

- Du kvir deg kanskje til flyturen ut då?

- He-he, nei, eg gjer i grunn ikkje det.