Queen-tribut-bandet Queenie frå Praha i Tsjekkia kjem til Os denne våren. Torsdag 21. april står Michael Kluch, alias Freddie Mercury, på scenen i Oseana.
Queen-tribut-bandet Queenie frå Praha i Tsjekkia kjem til Os denne våren. Torsdag 21. april står Michael Kluch, alias Freddie Mercury, på scenen i Oseana.

Tribute to ABBA, Queen og Os

To tribute-band, humor og mykje lokal underhaldning er blant arrangementa ein kan få med seg på Oseana denne våren.

- Det som er ekstra kjekt med vårens program er at me får høve til å husa mange lokale artistar og talent. Dessutan er det artig for oss å få presentera to tribute-band. Det har me aldri gjort tidlegare, seier arrangementssjef i Oseana, Berit Steen.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokale talent

Laurdag vart vårprogrammet for kultursenteret presentert i foajeen i Oseana. Medan Berit Steen og Ole Tobias Lindeberg viste bilete, videoar - "teikna" og forklara - fekk dei vel 60-70 frammøtte servert risengrynsgraut og gløgg.

- Me er veldig stolte av at me skal ha mykje lokalt utover våren. Alt 12. januar kjem Terje Neset og Anne Leni Sæbø med ein talentfull gjeng med tiandeklassingar frå Nore Neset ungdomsskule. Dei skal visa showet «What a nigth». Dessutan skal me Søre Neset Musikklag, Os Mannskor, Søfteland skule, Os musikkforening, Ungdomens kulturmønstringm, Gina Aspenes og Sjøforsvarets Musikkorps, og sjølvsagt Aurora laurdga 27. februar, fortel Steen.

Om Aurora-konserten seier ho dette.

Kring 60-70 møtte fram for julegraut, gløgg og vårslepp-presentasjon i foajeen på Oseana laurdag.
Kring 60-70 møtte fram for julegraut, gløgg og vårslepp-presentasjon i foajeen på Oseana laurdag.
Berit Steen og Ole Tobias Lindeberg er godt nøgd med vårprogrammet som dei presenterte laurdag.
Berit Steen og Ole Tobias Lindeberg er godt nøgd med vårprogrammet som dei presenterte laurdag.
ABBA-tributebandet 1974 kjem til Oseana fredag 4. mars. Det engelske bandet, med Robin Scott og Jules Dodd som Benny og Bjøörn og Aileen Mclaughlin ogTJ DFavis som Agnetha og Ann-Frid, er blant verdas beste tributeband.
ABBA-tributebandet 1974 kjem til Oseana fredag 4. mars. Det engelske bandet, med Robin Scott og Jules Dodd som Benny og Bjøörn og Aileen Mclaughlin ogTJ DFavis som Agnetha og Ann-Frid, er blant verdas beste tributeband.
Åsmund Lien og kona Bjørg Haugane er gode brukarar av Oseana. Dei peika seg med ein gong ut Aurora-konserten, og Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde-showet.
Åsmund Lien og kona Bjørg Haugane er gode brukarar av Oseana. Dei peika seg med ein gong ut Aurora-konserten, og Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde-showet.
Mange var glade for litt julegraut.
Mange var glade for litt julegraut.

- Ho spelte her i vinter og ville no gjerne tilbake. Det synest me er utruleg stas. konserten hennar i Os vert hennar einaste på desse kantar i vår, seier Steen.

Prisbelønte tribute-band

Dei to tributebanda som kjem er «1974» frå England og «Queenie frå Praha i Tsjekkia. Førstnemde band kjem til Oseana fredag 27. februar. Platå-sko-gjengen har via store deler av livet til å spela og framstå som mest mogleg like til ABBA. Bandet «1974» har spelt over heile verda og opptredd i lag med stjerner som «Spice Girls», Kylie Minogue og Tom Jones.

«Quieenie» spelar i Os torsdag 21. april. «Queen»-tribute-bandet slo igjennom i eit «I Got Talent»-program i Tsjekkia og har sidan spelt verda rundt. Glam-gjengen kjem ifølgje arrangøren til Oseana med full «Queen»-oppdressing og ein massiv lyd- og lysproduksjon.

Mykje for born

Programmet som vart presentert på laurdag er det femte vårprogrammet i Oseanas historie. Berit Steen meiner ikkje det skil seg så veldig frå tidlegare.

- Etter ein haust som har vore noko tett av arrangement, har me lagt vekt på at det ikkje skal vera for mykje denne våren. Til gjenngjeld håpar me at me har vore flinke til å plukka ut gode "produkt".

Artikkelen held fram under annonsen.

For borna er «Bukkene Bruse på Badeland« noko av det mest spennande. Elles vert det eit spennande musikk-stykke som er kalla «Lydgrotta», Ungdomens kulturmønstring og danseframsyninga «Austafor sol og Vestanfor måne» med Patricia Langelands elevar frå danselina.

Variert humor

På humor-fronten har Oseana prøvd å famna brett. Are Kalvø kjem i februar og er truleg eit sikkert kort. Stor etterspurnad vert det nok også for billettar til Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde sin framsyning. Dei rappkjefta multimusikarane har hatt stor suksess med framsyninga si på Austlandet. Mykje talar for at showet vil gjera det bra her vestpå også.

To andre som også kjem over fjellet er Anne Marie Ottersen og Brit Elisabeth Haagensli. Med showet «Gammel dame, vond og vende» har dei seld fulle hus på Dizzie Showteater. Paret blir å sjå i Oseana laurdag 23. januar.

Reopning i galleriet

Når det kjem til utstillinger vert det reopning av Griegutstillinga laurdag 16. januar.

- Då har Per Grieg sr. funne fram ei rekkje nye arbeid, mellom anna av ein viss Mister Dolk, fortel Mariann Gathe.

Vidare utover våren kjem Magnar Moen med flotte teiknearbeid og Rasmus Brinch med eit spennande lyd- og bilete-konsept.

- Dessutan vert det arrangement med Barnas kunstklubb. Der ønskjer me alle små velkomne, seier Gathe.