Dansa seg til topps
Fleire osingar gjorde det skarpt i helgas kretsmeisterskap i freestyle og slow på Bønes.
Fem jenter frå Os deltok i helgas kretsmeisterskap i i freestyle og slow i Bønes fleirbrukshall. Thea Straus Håvik og tvillingane Iris Vangdal Aamaas og Enja Vangdal Aamaas stilte i klassen rekrutt under 11.
– Her er alle vinnarar og dei gjorde ein kjempeinnsats, fortel mamma Henriette Straus Håvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Linea Økland Larsen slo til med andreplass i slow og tredjeplass i freestyle i klassen «Litt øvd 12-14 år».
Kristin Balland vann i både freestyle og slow i klassen «Meister 12-14 år». Ho vart også «Over all winner» i begge greinene. Noko som betyr at ho var best i sin klasse uansett alder.
På toppen av det heile vann Linea og Kristin dobbel saman i klassen «Meister 12-14 år».
Alle jentene dansar for Diamond Dance Academy i Fana IL med Julie Lundekvam som trenar og sportsleg leiar.
anne-marie@osogfusa.no