Strikk med røter frå Fusa
Med Fusa-bunaden som inspirasjon, har Anne Grete Rosvoll fått frie tøyler til å designa fargespekka strikk frå Fusa. På to år har ho laga meir enn 80 ulike plagg. - Ho er eit oppkome av idear, seier Else Bodil Gjøn.
Plagga som Rosvoll har brukt som utgangspunkt for arbeidet, kjem frå midten av 1800-talet og frametter. Plagga vart oppdaga då Else Bodil Gjøn starta arbeidet med å rekonstruera Fusa-bunaden på byrjinga av 1990-talet.
- Dei første strikkeplagga vart oppdaga i 1995, men det er først dei siste åra vi har fått høve til å gjera noko med det, seier Gjøn og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Strikkeoppskriftene som Rosvoll har laga er på ein måte ein bonus til bunadsarbeidet.
Kraftige fargar
Gjøn har funne ti ulike mønster. Desse ber namn som rosespøt, våganipen, kikedalen, stjerne, rutespøt, hålandsdal og spøtudla.
- Spøtudla er namnet på designet også. Det er det gamle ordet for undertrøye eller genser, fortel ho.
Dei gamle mønstera er intakte. Rosvoll blandar ikkje mønster, men ho bruker mønstera til å laga moderne bruksplagg.
Gjøn held fram ein kjole, ein shorts, ein bolero, ein "lårings" og ei kofte. I tillegg finst det sokkar, panneband, gensarar av ulikt slag og mykje, mykje meir.
Eit viktig kjenneteikn på dei gamle strikkeplagga frå Fusa, er dei kraftige fargane. I motsetnad til plagg frå til dømes Setesdal eller Fana, som oftast nyttar svart og kvitt i mønstera sine, finn ein fargar som gul, grøn, rosa og raudt i spøtet frå Fusa.
- Ifølgje Norsk institutt for bunad- og folkedraktforsking er Fusa den einaste staden i landet med så sterke fargar på dei gamle strikkeplagga, fortel Gjøn.
Glad i ei utfordring
På to år har Anne Grethe Rosvoll laga meir enn 80 ulike plagg. I tillegg til å designa plagga, har ho laga oppskrifter og strikka alt sjølv, for hand.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein del av plagga har eg utvikla sjølv, andre har oppstått på bakgrunn av innspel som Else Bodil og andre har kome med, seier Rosvoll.
Gjøn kremtar i bakgrunnen.
- Ho har gjort alt sjølv. Ho er heilt fenomenal, seier bunadsentusiasten.
Rosvoll set stor pris på å få høve til å bruka kreativiteten sin. Nokre plagg har vore meir utfordrande å få til enn andre.
- Eg har nokre "strikkelik" heime. Dei ligg bak stolen min. Denne har eg til dømes strikka tre gonger, seier ho, og viser fram ein genser med v-hals og hette.
Rosvoll har vore interessert i strikking, hekling og brodering sidan ho var liten. Ho har ingen problem med å halda oppe motivasjonen, sjølv når garnet er tynt og oppskriftene vanskelege.
- Det kan godt vera litt vrient. Eg finn alltid ei løysing, seier ho og legg til:
- Fordelen med strikkearbeid, kontra vanleg arbeid, er at du kan leggja det vekk når du sjølv ønskjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stor kulturskatt
Gjøn synest det er stor stas at dei gamle bunadsplagga frå Fusa no finst i ny innpakning. Ho fortel om ein episode i Oslo, der mannen hennar vart tilsnakka av ei dame som sa: Du må ha ein veldig dyr genser på deg. Han gjekk då kledd i ein ekte Spøtudla-genser i blått og kvitt.
- Vi tilbyd ikkje berre eit design, men eit design med ei heilt spesiell historie bak, seier ho.
Gjøn meiner den gamle folkedraktskikken er den største kulturskatten ein har i Fusa.
- Det er sikkert mange som er usamde med meg i det, men draktane er spekka av symbol. Dei fortel dermed mykje om korleis folk levde, kva dei tenkte og korleis dei gjekk kledd, seier ho.