- Eit offensivt og ambisiøst budsjett
Rådmann Christian Fotland la fram sitt første budsjettforslag i kveld. Fasiten er ingen kutt i tenestene, og fortsatt store investeringar.
Klokka 20.45 i kveld la Christian Fotland fram sitt første budsjettforslag som rådmann i Os kommune.
- De bør vera stolte over korleis det har vore tenkt i Os over mange år. Me har no høgast folkevekst i heile fylket og ligg på andre plass i landet med 2,9 prosent årleg folkevekst, sa rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje på grunn av den store folkeveksten, har han valt å prøva og sjå åtte år fram i tid når det gjeld behovet for investeringar.
- Dette budsjettet er eigentleg vanvittig ekspansivt. Det er eit lite paradoks knytt til at me tek opp endå meir lån. Samtidig trur eg me har trefft den balansen ein må ha mellom nye investeringar og ny gjeld, sa Fotland.
Budsjettramma for neste år (sum frie inntekter, skatt og rammetilskot) er på ca. 781 mill. kroner. 245 mill. kroner kjem på toppen som direkte finansiering av omsorgstenestene (SIO).
Omfattande investeringar
Han la fram følgjande liste over investeringar som ligg framføre:
* Oppgradering av kommunale vegar i 2017, 5 millionar kroner
* Parkering og utbetring av veg, Lysekloster, 2 millionar kroner
* Lunde skule, ferdigstilling i 2017, 50 millionar kroner
* Ambulansestasjon i 2017, 15 millionar kroner
Artikkelen held fram under annonsen.
* Forskottering av Åsen-Helleskaret i 2017-19, 35 millionar kroner
* Luranetunet, ferdigstilling i 2018, 270 millionar kroner
* Nye omsorgsbustader, fasilitetar for helse og omsorg i 2020, 110 millionar kroner
* Liv på Øyro i 2018, 32 millionar kroner
* Lyseparken, 80 millionar kroner
* Ny skule Aust om Elvo i 2019, 125 millionar kroner
* Os U-aktiv i 2019, 82 millionar kroner
* Parkeringshus på Osøyro i 2019, 55 millionar kroner
Artikkelen held fram under annonsen.
* Bølgjebrytar i Os hamn i 2017, 28 millionar kroner
* Fleirbrukshall kuventræ i 2018, 59 millionar kroner
* Familiens hus/senter i 2021, 40 millionar kroner
* Ny ungdomsskule i 2024, 180 millionar kroner
* Ny barnehage i 2021, 40 millionar kroner
* OHARA sentralreinseanlegg i 2016-2019, 371 millionar kroner
Til saman blir dette nærare 1,6 milliardar kroner i investeringsperioden.
- Fantastisk at det ikkje blir kutt
Rådmannen la vekt på kor godt det var å sleppa å leggja fram eit budsjett som legg opp til kutt i tenestetilbodet. I staden ligg den an til ei lita oppjustering.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg merkar i nokre einingar at dei er litt for hardt pressa. Der har eg lagt inn litt friske midlar. I tillegg får alle einingane fullt ut kompensert for løns- og prisvekst, sa rådmannen.
Oppvekst og kultur
Innan oppvekstsektoren blir ein del sårt tiltrengte område prioritert:
* Barnevernet blir styrka med 3 mill. kroner
* Det blir sett av midlar til nye kontorlokale for barnevernet
* Ei ny 100 prosent stilling som helsesøster, finansiert gjennom integreringstilskot
* 50 prosent friske midlar til ny stilling i skulehelsetenesta
* Kommunen kompenserer bortfall av midlar frå Helse Bergen til nærjordmorsenteret
* Barnehagesektoren blir styrkt med 1 mill. kroner til born med stort hjelpebehov
Artikkelen held fram under annonsen.
* Det blir lagt inn midlar i høve til oppretting av to nye skuleklassar hausten 2017
* Prosjekt betre læringsresultat held fram som planlagt
* 500.000 kroner til digital satsing i ungdomsskulen
- Endeleg skal alle elevane på ungdomsskulen få sin eigen berbare pc. Det er på høg tid, sa Fotland.
Helse og omsorg og beredskap
Innan helsesektoren ber neste års prosjekt preg av kommunens deltaking i SIO-prosjektet (statleg finansiering av omsorgstenstene). Meir enn halve rammetilskotet til området er trekt ut og lagt under statleg kontroll som følgje.
- Dette er teke vekk frå kommunestyrets kontroll, kort og godt. Eg er litt uroa for at kostnadsnivået i sektoren vil auka i løpet av den perioden prosjektet varer. Etter det må me enten nedjustera oss att, eller finna ei finansiering, sa Fotland.
* Sosialhjelp blir styrkt med 2 mill. kroner
* Husleige NAV blir styrt med 250.000 kroner
Artikkelen held fram under annonsen.
* Ny fastlegeheimel: 500.000 kroner
* Ny sjukepleiarstilling ved legevakta: 600.000 kroner
* 500.000 kr går til å betala for utskrivingsklare pasienter frå sjukehus
Meir til vedlikehald og trafikksikring
I tillegg blir det eit stor satsing på byggvedlikehald, der til saman 12 mill. kroner blir sett av til føremålet.
- Det er eg sikker på blir eit godt arbeidsmiljøtiltak i tillegg, når du ser at nokon kjem for å fiksa bygningen, sa Fotland.
1 mill. kroner blir sett av til trafikksikring
Satsing på næringslivet
Rådmannen skrytte både av aktiviteten i næringslivet på Os, og av den nye næringssjefen.
- Det har skjedd så utrulig mykje på den sida sidan næringssjefen blei tilsett i august. I tillegg skal me vera stolte over næringslivet vårt, sa Fotland.
Han viste til statistikk frå NHO sitt Kommune-NM, der det gjekk fram at Os ligg på 6. plass i fylket.
Av satsinga framover, hadde rådmannen følgjande forslag:
* Liv på Øyro: 32 mill i investeringar og 1 mill. kroner i drift
* Ønskje om å etablera ei næringsklynge i Os. 500.000 kroner til å utvikla nye tiltak for vekst i næringslivet.
Vegen fram mot vedtak
Det er først 20. desember at det endelege budsjettet blir vedteke. Fram til det skal partia leggja fram sine budsjettforslag, og innbyggjarane får også vera med å påverka i perioden frå 6. desember til 20 desember, dersom dei har framlegg.
- Her vil eg i år særleg oppfordra folk om å koma med innspel, for det er sjeldan me får innspel her. Det er ein demokratisk rett folk har til å påverka, sa ordførar Søviknes.
Neste veke følgjer budsjettkonferanse der budsjettet blir gjennomgått i meir detalj.