Siri Berge peikar på at tjuven eller tjuvane ser ut til å ha kyndig handlag med plante,r og at vårlyngen og påskeliljene som er stolne, ser ut til å vera fjerna med omhu.
Siri Berge peikar på at tjuven eller tjuvane ser ut til å ha kyndig handlag med plante,r og at vårlyngen og påskeliljene som er stolne, ser ut til å vera fjerna med omhu.

Nedrig tjuveri frå Minneparken

Seks, sju planter er stolne frå Minneparken i løpet av veka.

– Me er godt vane med at folk stel frå beda våre, men når dei stel frå Minneparken, eit par dagar før 1. mai, så synest eg det er vel nedrig, seier gartnar i parkavdelinga til Os kommune, Siri Berge.

Planteinteresserte tjuvar

Ho meiner seks, sju planter har forsvunnet frå beda i Minneparken denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje om tjuvane er på ferde om natta eller kva, men det er jo litt pussig at dei vågar å gjera det – at dei ikkje er redde for å bli oppdaga, seier gartnaren.

Denne veka er det forsvunne ein del påskeliljer og fleire vårlyng. Berge meiner å sjå eit mønster.

– For meg verkar det å vera forsøk på å tilsløra tjuveriet. Vedkomande som tek plantene, tek alltid nokre innimellom der dei står tettast, eller i bakkant, der færre kan sjå at noko er borte.

Plantene er stolne frå fleire bed. Siri Berge & co må no på Plantasjen og finna nye planter før 1. mai.
Plantene er stolne frå fleire bed. Siri Berge & co må no på Plantasjen og finna nye planter før 1. mai.

– Og kva seier det deg?

– Nei, det blir jo berre gjetting, men for meg verkar det som om dette ikkje er ungestrekar. Eg tenkjer at me kanskje har å gjera med ein planteinteressert tjuv, seier ho.

Ønskjer tips

Gartneravdelinga bruker mykje tid på å erstatta stolne planter. Berge trur dei kunne vore spart for mykje arbeid om dei hadde fått opp eit videokamera.

– Me har prata om det, men det spørst vel om me får lov. Om ikkje, håpar eg folk i bygda kan følgja med og gje oss eit tips om dei ser noko mistenkeleg, seier Berge.

- Nei, folk får kjøpa sine eigne blomar og la offentlege bed og plantar vera i fred, konstaterer Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no