Ein haustferie utanom det vanlege
Marte Bodil Lamp og hennar tre eldste born fekk oppleva Uganda på godt og vondt, då dei vitja Nyenga Childrens Home i haustferien.
- Me var inviterte til å feira fem-års-jubileum for Nyenga Childrens Home i Uganda, og i tilknyting til reisa, fekk me ti innhaldsrike dagar i landet, seier Lamp.
Skule frå 1. -7. trinn
Frå flyplassen i Entebbe, gjennom hovudstaden Kampala og fram til landsbyen Nyenga, tek det nesten 5 timar med bil. Nyenga Childrens Home er lokalisert nokre kilometer utanfor landsbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Personleg vart eg første gong kjent med dette prosjektet gjennom min barndomsven, Bernt Eirik Rød, som budde og arbeidde i Nyenga som frivillig rundt oppstarten i 2009/2010. Slik har me fått fylgja med og støtta prosjektet heilt frå starten og fram til i dag, seie Lamp.
Det som starta som ein enkel barneheim for foreldrelause born i nærområdet, har no utvikla seg til å bli eit fantastisk program som inneheld skule frå 1.-7. trinn, helsesenter, fiskeoppdrett og næringsutvikling gjennom mikrokreditt til private og grupper i og rundt landsbyen.
Gladmelding til born og unge
Det var Anne-Mette Tjønn Hansen og Anne Grete Kjørrefjord som tok initiativ til oppstart av "Stiftelsen Nyenga". Stiftinga er avhengig av sponsorar frå Noreg, både private og bedrifter, og fleire skular i Bergen har "Nyenga Childrens Home" som bistandsprosjekt.
- Målet er at heile prosjektet på sikt skal verta sjølvfinansiert, men det er enno lang veg å gå, seier Lamp.
Samstundes med fusinganes besøk kom ei gladmelding til alle born og unge.
- Medan me var der, kom også gledelege nyhende om at elevane som fullfører 7. trinn, no kan få ta eksamen, og dermed ha moglegheit for vidare skulegang, seier Lamp.
Likeheitstrekk
Det var eit mål at dei i løpet av ti dagar skulle få eit så realistisk bilete som mogleg av korleis det er å bu der, så Rebekka Lynn (12), Paul Filip (10) og Rachel Ann (8) vart med på skulen fyrste dagen.
- Dei opplevde både store skildnader og nokre likheitstrekk med deira eigen skule på Holdhus. Til dømes har ikkje borna eigne lærebøker, så alt dei skal læra, må dei sjølve skriva inn i bøkene sine, etter at læraren først har skrive det på tavla, seier Lamp og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei har ikkje elektrisitet eller innlagt vatn, ergo heller ikkje Smartboard, datamaskiner eller WC. Skuledagen varte frå kl. 08.00- 16.30 for dei eldste elevane.
Då var det inkludert to økter med hakke og spade der dei gjekk ut for å jobba på åkrane og jorda rundt skulen.
- Jorda i Uganda er raud og frodig, og på denne tida av året går dei inn i den eine av to regntider, seier Lamp.
Store utfordringar
Som sjukepleiar, likte Lamp seg godt på helsesenteret som låg mellom barneheimen og skulen. Dei ekstreme skildnadene på helsetilbodet der, samanlikna med Norge, har ho enno ikkje heilt klart å ta innover seg.
- Det er tre tilsette sjukepleiarar ved helsesenteret, med ulik grad av utdanning. Dei må kvar dag opptre som både lege, helsesøster og jordmor, og står ovanfor store utfordringar med lange pasientkøar der dei behandlar Malaria, underernæring, HIV/AIDS og andre sjukdomar, seier Lamp.
Ikkje råd til medisinar
Sjølv om kostnadsnivået i Uganda er lavt i forhold til mange andre land, er det ingenting som er gratis.
- Dei fleste menneska lever frå hand til munn, og livnærer seg med den jordflekken dei dyrkar rundt huset eller jordhytta. Vert dei sjuke eller treng helsehjelp, har dei ingen midlar å bruka på medisinar eller behandling, fortel Lamp og held fram:
- Dette vart svært tydeleg då det kom ei fødande, ung kvinne til helsesenteret, som trong akutt keisersnitt, men ikkje hadde råd å betala for operasjon eller sjukehusopphald.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opne og sjenerte
Sjølv om det offisielle språket i Uganda er engelsk, er lokalspråket i regionen Luganda, og mange vaksne kan ikkje engelsk. Likevel opplevde Lamp med familie at folk var lette å kome i kontakt med, og at dei var opne og imøtekomande.
- Dei var også sjenerte og audmjuke, og når borna skulle helsa på vaksne, knelte dei ofte heilt ned på bakken, seier Lamp.
Mat til 350 gjester
I Uganda er det i følgje Lamp ikkje mange som eig sin eigen bil, men moped er eit vanleg framkostmiddel. "Boda-boda"-drosjar, er ein billeg og lettvint måte å koma seg fram på. Dette var populært blant borna.
- Bruk av hjelm var det ikkje snakk om, men heldigvis køyrde sjåførane sakte når det sat ungar bakpå, seier Lamp.
På den siste fredagen i Uganda, var det duka for stor fest på Nyenga Childrens Home, der sponsorar frå Norge, foreldre til skuleborn og folk frå landsbyen var inviterte til 5-års jubileum. Ei kvinnegruppe i området heldt på ein heil dag og ei heil natt med å laga til mat til ca. 350 gjester.
- Dei skrella enorme mengder grøne bananer, som dei bruker i den tradisjonelle matretten "Matoke". Bananene vart kokte og moste, og innpakka i store bananblader. Sjølve festen inneheldt eit fullpakka program med dans og underhaldning av elevar og lærarar, i tillegg til talar og treplanting av heidersgjester frå Noreg, fortel Lamp.
Takksame og sørgmodige
- Eg kunne fortalt vidare om mange andre opplevingar, sidan kvar dag var fullpakka av nye inntrykk, men dette vart eit lite utdrag. Me reiste heimatt til Noreg med blanda kjensler. Takknemlege for at me her har det så godt, men sørgmodige for alt og alle me måtte forlata.
Dersom nokon er interesert i utfyllande informasjon om "Stiftelsen Nyenga", kan dei gå inn på nettsida Nyenga.no.