Geriljadyrking i Os?
Torsdag såg «Bærekraftig Liv Os» dagens lys. Geriljadyrking kan bli eitt resultat.
Gjengen som var samla til stiftingsmøte på Os folkebibliotek torsdag kveld vil ikkje noko mindre enn å forandre verda. I alle fall uttrykte representanten frå "moderskipet" «Bærekraftig Liv Landås», Laila Melkevoll, at det til sjuande og sist er målet for rørsla.
- Pass berre på å ikkje bli kuppa av miljøraddisar med altfor ville idear, smilte ho og la til at «Bærekraftig Liv» skal og må vera apolitisk og religiøst uavhengig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spør ikkje om lov
Melkevoll har vore med i Bærekraftig Liv Landås sidan starten. Der har dei mellom anna bedrive geriljadyrking av grønsaker.
- Vi annekterer rett og slett ledig matjord i nærområdet, som til dømes midtrabattar. Vi spør ingen om lov heller, smilte Melkevoll til ei humrande forsamling.
Betsy W. Samuelsen var overraska over å vera den einaste representanten frå den eldre garden.
- Skal vi verkeleg overlata ansvaret for å gjera noko til dykk unge? Kor er dei på min alder, spurte den engasjerte pensjonisten frå Søfteland.
Sjølv har ho i alle år dyrka grønsaker på sin vesle hageflekk, og vil meir enn gjerne vera vera med og forandra Os.
Det same vil Unni Sørensen som flytta til byggjefeltet på Hjelle så seint som i juli.
- Ikkje minst har eg lyst til å vera ein del av fellesskapet denne rørsla kan gi. Eg er ny i Os og saknar ein møteplass å bli kjend med folk på, sa ho.
Redesign for born
Om ein ikkje vil driva geriljadyrking, så kan ein uansett dyrka mat i hagen sin. Eller kva med kurs i redesign for born? Er ein bildelering aktuelt, eller ein bytekafé? Og kanskje kan matprodusentar i nærområdet levera varene sine her i Os?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det ordnar seg, berre ein er mange nok som er med, sa Melkevoll som også oppmoda gjengen til å få til breie samarbeid med aktuelle etablerte aktørar.
- Eg kjenner ein kar i Florø som fekk fersk fisk levert på døra. Det hadde vore noko det, sa Sturle Svendal og fekk gehør for den ideen.
Suksess
Kvelden vart avslutta med at Torgeir Skjælaaen, Ellen Siren Bruarøy, Unni Sørensen, Øystein Lid og Henriette Kleppe sa ja til å utgjera kjernegruppa i Bærekraftig Liv Os.
- Eg trur dette blir ei suksesshistorie. Det er masse nye, unge folk her i Os som vil gjere ein skilnad, sa Melkevoll.