Knut Skåtun fekk viljen sin og fekk gjort litt stas på personalet ved FBBS og dirigerte så godt han kunne. - Dette har vore så hyggeleg at eg får visst ramla i trappa ein gong til, sa Skåtun og smilte lurt. -Nei, nei, ropte damene sjokkerte.
Knut Skåtun fekk viljen sin og fekk gjort litt stas på personalet ved FBBS og dirigerte så godt han kunne. - Dette har vore så hyggeleg at eg får visst ramla i trappa ein gong til, sa Skåtun og smilte lurt. -Nei, nei, ropte damene sjokkerte.

Eineståande på Fusa bu- og behandlingssenter

Knut Skåtun er svært nøgd med tilbodet han har fått dei vekene han har vore på FBBS. - Dette trudde eg ikkje at eg skulle få oppleva, seier Skåtun.

For ei stund sidan hadde den parkinsonramma Skåtun eit stygt fall ned kjellartrappa heime. Etter nokre dagar på Haukeland sjukehus, vart han overført til FBBS.

Godt gjerast

Me møter Skåtun på rommet hans. I morgon skal gamlerektoren på Fusa vidaregåande skule heim til Skåte. Om opphaldet på FBBS har han så mange lovord at det skal godt gjerast å få med alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vart godt teken imot og fekk god informasjon. Veldig imponerande. Dei tek seg tid til å snakka med oss og er svært tolmodige. Ei yrkesgruppe som jobbar så hardt kan godt få litt merksemd, meiner Skåtun.

Mildrid

Han held fram med vellæta om dei kvitkledde på bygget. Det einaste den "pensjonerte" lokalpolitikaren kan setja fingeren på er manglande vedlikehald.

- Personalet er alltid smilande og ikkje minst lyttande. Eg har hatt mange gode samtalar med mange av dei. Aktivitør Mildrid gjer alt ho kan for at pasientane skal ha det så godt og triveleg som mogleg. Dette har gitt meg mykje. Det er som ei ny verd. Eg trudde ikkje eg skulle få oppleva dette, seier Skåtun.

Stas med ros

Monica Bolstad er fagleiar for rehabiliteringa. Bolstad er sjølvsagt glad for god tilbakemelding frå brukarane.

- Det er klart det er opplyftande for oss, seier ho og gir ros til kollegaane sine og ferievikarane, kring 20 i talet, som er innom i løpet av sommaren.

Alle dei ulike faggruppene arbeider for pasienten sitt beste, og er like verdifulle.

Trass i

Bolstad fortel at når pasientar kjem frå sjukehuset eller heimanfrå, jobbar ei tverrfagleg gruppe for at pasientane skal nå måla sine. Dette kan handla om å klara seg sjølv i kvardagen i praktiske gjeremål, sikra betra ernæring og god psykisk helse. Utanom rehabilitering og avlasting, får pasientar med ulike diagnosar behandling, eller eventuelt hjelp til lindring.

- At Knut opplever å bli teken godt vare på, tyder på at alle gjer sitt for pasientane skal ha det best mogeleg. Dette trass i mindre ressursar og nedskjeringar hengande over oss. Me strekkjer oss så langt me kan, avsluttar Bolstad.