Naboar varsla om brannen vel klokka 3 i natt. Alle naudetatar rykte ut. Ingen skal vera skadde etter brannen.
Naboar varsla om brannen vel klokka 3 i natt. Alle naudetatar rykte ut. Ingen skal vera skadde etter brannen.

Hus brann ned til grunnen - 19 personar evakuerte

Eit hus brann ned til grunnen på Søfteland i natt.

Naboar varsla om brannen vel klokka 3 i natt. Alle naudetatar rykte ut. Ingen skal vera skadde etter brannen.

Brannvesenet meldte om brann på ein uteplass i Lerkevegen, som var i ferd med å spreia seg til ein einebustad.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me fekk varsling kl 03.15. 03.36 var fyrste eininga på plass, fortel varabrannsjef Arne Monsen, som sjølv var med i denne eininga.

- Då me nærma oss var allereie huset overtent. Me måtte vurdera faren for spreiing, og kjølte ned dei næraste nabohusa, i tillegg til parallelt å driva sløkking.

- Huset var tapt, og me måtte konsentrera oss om å hindra spreiing.

Meldinga frå staden tilsa store flammar. Ei gassflaske på terrassen og ei acetylenflaske i garasjen gjorde brannen ekstra utfrodrande, meldte politiet i natt.

Kort tid etter kom meldinga om at brannen var under kontroll, og at ingen var sakna i brannen.

Totalt 19 personar vart evakuerte -17 naboar og to frå huset som brann ned. To hundar var også i god behold.

Etter vel ein time kunne dei evakuerte flytta tilbake, medan familien som mista huset, har fått flytta inn til ein familie nærleiken.

Arne Monsen opplyser at det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen. Dette vil verta etterforska av politiet.