Sendt til legevakt for sjekk
Like før klokka 11.30 vart ein syklist påkøyrt i eit fotgjengarfelt på Osøyro.
Trafikkuhellet fann stad i fotgjengarfeltet like ved Sparebanken Vest på Osøyro.
Bilføraren hadde ifølgje politiet stogga for ein fotgjengar, men då hunden til fotgjengaren måtte gjera sitt fornødne, vart bilen vinka vidare. I same augneblink kom det ein syklist.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Syklisten er sendt til legevakt for sjekk. Det er snakk om ein mogleg skade i ei hand, opplyser politiførstebetjent Rune Fimreite.
Politiførstebetjenten fortel også at bilføraren rutinemessig er teken promillekontroll av, og at alt er i orden.
- Føraren vert truleg dimittert på staden, seier Fimreite.