Sandra Søfteland debuterte med sjetteplass i bikinifitness i Norway Open. (Privat foto)
Sandra Søfteland debuterte med sjetteplass i bikinifitness i Norway Open. (Privat foto)

Fit nok for NM

Laurdag vart ho nummer seks i bikinifitness i Norway Open. No vuderer Sandra Søfteland å delta i NM.

Ho har drive med styrkjetrening og kroppsbyggjing i årevis, men først i vår bestemte Sandra Søfteland seg for å byrja med bikini-fitness. Overgangen var tøff.

- Det er hardt både fysisk og mentalt. Me må gjennom rimeleg harde dietter. Dessutan krevst det sjølvsagt godt med trening, seier søftelendingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Topp debut

Laurdag debuterte ho i bikinifitness under Norway Open i Fredrikstad. Blant totalt 300 deltakarar var det nervepirrande å førebu seg for turen på scenen.

- Du går jo der heile dagen og venter på din tur. For oss i +1,68 cm-klassen vara det og rakk. Konkurransen vår starta ikkje før klokka 22 på kvelden. Då hadde me gått stasha opp full i sminke og med oppsett hår sidan klokka 12 på dagen, fortel Sandra.

Totalt 15 jenter stilte i høgdeklassen til Sandra. Etter forbedømminga gjekk seks jenter til finalen. 24-åringen frå Søfteland var blant dei utvalde.

Sandra Søfteland i lag med venene i Teamjegliker. Heile gjengen konkurrerte for Team Partner Gym. (Privat foto)
Sandra Søfteland i lag med venene i Teamjegliker. Heile gjengen konkurrerte for Team Partner Gym. (Privat foto)

- Det var ein siger i seg sjølv. Eg er jo heilt ny i dette gamet, så det å gå til finalen var både overraskande og veldig moro, seier ho.

På sparket

I finalen fekk dei seks jentene eit halvt minutt kvar til å posera for dommarar og publikum. For Sandra kom det litt bardust på.

- Eg haddde ikkje venta å koma til finalen, så eg hadde ikkje øvd inn noko program. Eg måtte berre ta det på sparket, humrar friskusen.

Resultatet vart sjetteplass i konkurransen og handfast bevis på ein vellukka debut i fitness-sporten.

- Alle finalistane fekk pokalar. For meg var dette utruleg motiverande. Eg er så absolutt klar for nye konkurransar, seier BI-studenten som bur i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

NM til helga

Dersom det går som ho håpar blir det kanskje ny konkurranse alt til helga.

- Då er det NM i Oslo. Eg må sjå om eg har pengar til å reisa, men eg har frykteleg lyst.

NM-kvalik-måla har ho inne.

- Det er veldig strengt kven som får delta i NM. For å vera med må ein ha ein ha ein fettprosent på under 11. Då eg konkurrerte i Fredrikstad hadde eg 10,9, fortel Sandra.

Om skal delta i NM må ho bestemma seg så kjapt som mogleg.

- Etter konkurransen i Fredrikstad vart det mykje god pizza og feiring. Blir det Oslo-tur, må eg på diett snarast. Det er tøft, men det å vera med å konkurrera er så moro, at eg trur eg har lyst. Ja, eg har det, seier Sandra.