Pangstart for TV-aksjonen i Fusa
«Ut på tur for TV-aksjonen» i Fusa har resultert i meir enn 1.000 turar og 46.000 kroner til aksjonen. I tillegg gjev Fusa kommune 10.000 kroner.
Søndag er det ny TV-aksjon. I år går pengane til Regnskogfondet. I Fusa har lokalt næringsliv dei siste 14 dagane sponsa besøk på lokale turmål.
- Med meir enn 56.000 kr på konto før aksjonsdagen har TV-aksjonen fått ein pangstart i Fusa. Me er veldig glade for den rause støtta frå næringslivet og for entusiasmen folk i Fusa har vist for å ta del i kampanjen, seier den lokale aksjonskomiteen. Den fortel at koplinga mellom TV-aksjonen og Friluftslivets år har fungert svært bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Folk har gått på tur i eigen skog og gjennom det vore med og støtta arbeidet med å ta vare på regnskogen og hjelpa menneska der.
1017 turar
10 lokale verksemder vart utfordra på å gje ein viss kronesum per turgåar som skreiv seg inn i turbøker på utvalde turmål. Desse turmåla var med i kampanjen: Dallandstølane, Ludden, Hafskorvatnet, Ådlandssetret, Storetjørn, Langedalsvatnet og Revnasetret.
Totalt vart det registrert 1017 turgåarar. Størst trafikk var det ved Hafskorvatnet med 339 signaturar i turboka, opplyser aksjonskomiteen i ei pressmelding.
Dei 10 lokale verksemdene som har støtta kampanjen er: Agnar Skåtun A/S, Bolaks AS, Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Eide Fjordbruk AS, Fusa auto, Fusa kraftlag, Hordaland Rørteknikk AS, Leigland bygg AS, Sævareid fiskeanlegg AS og Tombre fiskeanlegg AS.
Mange bidrag
Bruktbua vil gje sin omsetnad i morgon til TV-aksjonen.
Fusa frivilligsentral organiserer sjølve innsamlingsaksjonen søndag. I alt 55 bøsseberar er ute i heile Fusa i tidsrommet frå kl 14.00 til 18.00.
- Ta godt i mot dei og hugs å ha kontantar klare, oppmodar aksjonskomiteen.