Redaktør Jostein Halland seier «Os og Fusaposten» har eit klart mål om å visa seg vel verdt å betala for, også på nett.
Redaktør Jostein Halland seier «Os og Fusaposten» har eit klart mål om å visa seg vel verdt å betala for, også på nett.

«Os og Fusaposten» tek betalt på nett

- Vår oppgåve vert å laga så gode saker at våre lesarar finn dei verdt å betala for, seier redaktør Jostein Halland om at delar av innhaldet på osogfusa.no frå i dag vil krevja abonnement.

Kenneth svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvalde saker på osogfusa.no vil frå i dag verta merka med "Abonnent". Er du allereie abonnent, er tilgangen til også desse sakene sikra. Det einaste du då må gjera er å registrera deg og logga inn. Neste gong ein møter ei betal-sak, så slepp ein denne operasjonen.

- Vonleg vil dette grepet, som me sjølvsagt er spente på korleis vert motteke blant våre lesarar, bidra til å sikra delar av inntektsgrunnlaget vårt og dermed våre føresetnader for å driva tidkrevjande og grundig journalistikk, seier Halland.

Han legg til at dette er endå eit steg mot å viska ut skiljet mellom papir, nett og mobil.

- Framleis er det slik at delar av stoffet vårt gjer seg best på papir, og me vil jobba vidare for å framheva papiravisa sine sterke sider. Samstundes gjev nettet heilt andre moglegheiter i presentasjonen av stoffet. Nokre liker best å lesa lokalavisa på papir. Andre tyr til nettbrett og mobil. Me må tilpassa oss alle lesevanar, og skal gje lesarane sakene der dei vil, når dei vil. Og det skal løna seg å vera abonnent, seier Halland.

Framleis opne saker

Redaktøren understrekar at ein god del saker framleis vil vera opne. Dette gjeld blant anna "reine" nyhendesaker og mykje av det svært tidsaktuelle stoffet.

- Sakene som vert aktuelle å merka "Abonnent", vil typisk vera dei meir grundige, gjennomarbeidde og tidkrevjande sakene der me vonleg greier å setja dagsorden og løfta fram dei sakene som våre lesarar er opptekne av. Og der me kanskje til og med klarer å gjera ein forskjell og vera ein aktiv bidragsytar til samfunnsbygginga. Slike eigenproduserte saker er ressurskrevjande, men viktige.

- Velkomen oppom

Som abonnent vil du kunna lesa alle sakene både på papir, mobil, nettbrett og desktop. I tillegg har du tilgang til eAvisa, som er ei digital utgåve av papiravisa.

Er du ikkje abonnent, vil nokre av sakene på osogfusa.no berre by på bilete, tittel og ingress.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vårt mål er å laga så god journalistikk at eksisterande abonnentar "berre må" halda fram med å betala for Os og Fusaposten, og at dei som ikkje er abonnent i dag, finn innloggings-sakene så viktige, interessante og kjekke at dei er verdt å betala for, seier Halland.

Han legg til at framgangsmåte for registrering og innlogging finst både i dagens papirutgåve og på nettsida.

- I tillegg er ein hjarteleg velkomen oppom lokala våre i Øyro 31, viss ein treng rettleiing til registreringa.