Sink-ekspert, men inga sinke
Det går mot slutten av arbeidslivet for 72-åringen Jack Monsen sjølv om det verkar som han framleis har mykje å gje.
- Kaffi? Eg drikk mykje kaffi. For mykje sikkert, seier Jack og smiler.
Vi er i ferd med å få ei omsyning på, trekk pusten no: BEME Corrosion International AS Bergen Metalstøperi, av sjefen sjølv, Jack.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var far min som starta Bergen Metalstøperi i 1947. Verksemda blei flytta her til Ulvenvegen i 1967. Eigentleg var vi lova tomt av både Bergen og Fana kommunar, men det skjedde ikkje noko. I Os blei verksemda teke i mot med opne armar. Det var vel ordførar Hauge som regjerte på den tida. Han sa at det berre var til å ta med seg ein spade og ta til å grava om vi ville starta i Os, seier Jack.
Blei fascinert
Opphaveleg var lokalet på 80 kvm. No som tomta er maksimalt utnytta er det på heile 2.000 kvm. Medan vi går rundt, er det berre til å passa på. Først for bratte trappeoppgangar og låge dørkarmar, så for varmt metall i flytande form.
- Det er 600 grader varmt, seier Jack.
I produksjonslokalet er det to litauarar som står og jobbar. Dei lagar sink-anodar som med tida skal festast til tankskip og fritidsbåtar.
- Då far starta, dreiv han berre med sandstøyping. Det var ikkje meininga at eg skulle inn i verksemda. Eg skulle ta til på teknisk-linja på skulen, men eg blei så fascinert då eg jobba for far og såg korleis kasseapparat og reknemaskiner blei til. Eg har ikkje angra på valet.
I pluss kvart år
Men Jack kunne ikkje sjå at sandstøyping var framtida. Jack skifta fokus til sink og aluminium som dei har spesialisert seg på med åra. I dag produserer dei til både handelsflåten og fritidsbåtar. Den største enkeltordren dei har hatt gjekk til tankskipet Knock Nevis, kor det gikk med 210 tonn sinkanodar til ballasttankane. Den nest største ordren er på 140 tonn. I følgje Jack er hans verksemd den einaste anodeprodusenten som har oppnådd internasjonal patent på anodedesign og innfestningssystem for anodar. Ikkje minst går verksemda i pluss kvart einaste år, blant anna grunna faste langsiktige avtalar med Frank Mohn og dei fleste tankrederia.
- Vi har vel lege på ein omsetnad på mellom åtte og ti millionar dei siste åra. I år er det noko mindre, men likevel kring seks millionar i pluss, vil eg tru, seier Jack og held fram:
- Det er klart at det er godt å ha slike avtalar i grunn. Vi har ein filosofi om å føra inn mykje av overskotet tilbake i verksemda. Slik har vi stadig utvikla oss, og forbetra oss, seier Jack før han viser oss eit eksempel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Effektivitet og konkurransedyktigheit
På ein stor kjetting heng det ei enorm sink-blokk. Den er på heile 1,4 tonn.
- Måten vi jobbar på, gjer at vi kan smelta over fire tonn over natta, og kan starta produksjonen morgonen etter. Blokken hengjer her og blir gradvis varma opp og smelta. Andre står med slike, seier Jack og viser fram 25-kilos-blokker med sink.
- Dei står hiv manualet oppi ei og ei blokk. På langt nær så effektivt som det vi driv med.
Det å vera kostnadseffektive er viktig i ei verksemd som leverer til olje og gass-sektoren som i desse dagar slit.
- For nokre år sidan var vi tolv tilsette, men med moderne utstyr er vi no berre seks. Vi har alltid hatt som mål å vera effektive og konkurransedyktige, og ikkje gjera så mykje ut av oss, seier Jack.
I ferd med å selja firmaet
Jack har aldri angra på valet om å slutta seg til familieverksemda, sjølv om det ikkje var planen.
- Det har vore ei fantastisk reise. Det har vore kjekt å få oppleva så mykje, både utfordringar og utvikling, seier Jack.
72-åringen har ein son og ei dotter, men ingen av dei har følgt i farens fotspor.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, dei jobbar ikkje her, men dei eig aksjar. Dei har funne sine eigne vegar, og eg er glad for det, seier Jack.
I desse dagar held han på med å selja firmaet, og kanskje snart starta på pensjonisttilværet.
- Det har vore nokre interessentar. Ingenting er spikra. Enn så lenge har eg fokus på å vidareutvikla firmaet, seier Jack, som tydelegvis kjem til å ha fullt fokus heilt til siste arbeidsdag.
Maling hjelper mot tæring og korrosjon, og forsking viser at er umogleg å beskytta bevegelige deler av jern og metall under vasslina bade med målingssystem. Det sikraste middelet mot tæring og korrosjon på undervannskroget er katodisk beskyttelse ved hjelp av sinkanoder. Ved å montera sink skrog- og akselanoder på undervasskroget, overfører ein korrosjonsangrepene frå stål- og metalldeler til sinkanodene. Difor blir anodane ofte omtala som "offeranodar". Det vil seia at anodane blir spist opp til fordel for dei vitale skrogkomponentene ein ønskjer å beskytta.