MÅL-bevisste telefonseljarar
Os A-lag trur på mange nettsusarar frå Os denne sesongen. Det håpar dei du er villig til å betala for.
Ein skal ikkje selja skinnet før bjørnen er skoten, men med Målklubben til Os Turn fotball, er det vel nettopp det dei gjer.
Dei sel nemleg mål dei forhåpentlegvis vil produsera mange av når serien kjem i gang.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette er ein litt artigare variant av sponsing, der me inviterer personar og firma til å betala eit lite beløp for kvart seriemål A-laget sett inn i løpet av sesongen 2016. Så gjeld det for oss å syta for at det blir mange nok mål til at den totale inntekta monnar godt, smiler assistenttrenar Ørjan Håland.
Mål om 1.000 medlemer
Onsdag denne veka starta trenarteamet for A-laget på Kuventræ å ringja rundt til potensielle støttespelarar, villige til å betala for komande seriemål.
Då «Os og Fusaposten» var oppom torsdag ettermiddag, kunne gjengen fortelja om svært god respons.
- Hassan (El Fakiri), Endre Brenne og eg har ringd i to dagar no, og folk er veldig positive. Til no har me fått over 50 medlemer i Målklubben, innan helga har me forhåpentlegvis nådd 100, seier Håland.
- Kor mange har de håp om total?
- Nei, me skal no ringja rundt eit par veker framover, og bedriftene har me knapt starta med, så 1.000 medlemer...Det hadde vore noko, ler ein entusiastisk Håland.
Til breidde og utstyr
A-laget på Kuventræ hadde som kjent ein svak vårsesong i fjor, men etter sommaren kom laget verkeleg på sigersstien. Totalt skåra dei like i overkant av 50 mål.
- Me har mål om å skåra langt meir denne sesongen. 70 fulltreffarar bør vera eit mål å strekka seg etter, seier Håland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lukkast dei med det vil det for ein som har lova 50 kroner per skåring kosta 3.500 kroner. Slike summer vil hjelpa godt på for ei gruppe som har over 50 lag og kring 850 spelarar.
- Innektene frå Målklubben-prosjektet skal ikkje berre gå til A-laget og seniorane. Me er ein stor klubb og har mykje kostnader på utstyr og tilrettelegging. Det blir ikkje noko problem å finna noko fornuftig å bruka pengane på, seier Håland.
England-tur
For deltakarane i Målklubben vert det full service med SMS-oppdateringer når Os skårar måla sine. I tillegg vert dei med i trekninga av ein fotballtur til England med kampbillettar og opphald.
- Dessutan vil me på kvar heimekamp trekkja ut tre-fire Målklubben-vinnarar som får seg ei flott sponsor-gåve, fortel Håland.
Kompetent styre
På klubbkontoret torsdag var også nyvald leiar i fotballgruppa Erlend Eidhammer. 39-åringen som tek over etter Knut Haddal gler seg til å ta fatt på oppgåva.
- Me får eit godt og kompetent styre. Knut Haddal vert med vidare. På den måten får me litt kontinuitet, så får eg prøva å bidra med mitt.
- Kva håper du å få til her?
- Eg har i lang tid vore medlem av styret i den skandinaviske fanklubben til Manchester United. Dette er ein veldig veldriven organisasjon der eg har lært mykje. Det eg håpar å få til i Os Turn er å skapa ein endå betre struktur på drift og organisasjonsarbeid. Det er blitt gjort veldig mykje bra. Jobben for oss som kjem til no, er å vidareføra arbeidet og hjelpa til med å setja ideane ut i live, seier Eidhammer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har vore i kontakt med KFUM Oslo og set på korleis dei driv det.
- Eivind Arnevåg og KFUM Oslo har drive KFUM Oslo på førebiletleg måte, der dei har vore like gode på å driva barnefotball, som til å leggja til rette for toppsatsing.
Inn som controller
Fredag vart det kjent at fotballgruppa på Kuventræ tilset tidlegare Øyglimt-manager Hans Otte Bruarøy i ei 40 prosent stilling som controller. Bruarøy tiltrer i stillinga alt komande veke.
- Med Hans Parnefält ute var det viktig for fotballgruppa å få inn fleire ressurser på det admnistrative plan. Hans Otto er ein solid mann med mykje erfaring. Han skal vera eit bindeledd mellom styret, FFO og det sportslege, seier Erlend Eidhammer.