Gira på å koma i gang
Jan Frode Skeie har fått oppgåva med å leia det sportslege utvalet i Os Fotball. - Utvalet vil styrkja klubben, seier Skeie.
Etter at samarbeidet med Lars Bakkerud blei avslutta i sommar, har styret jobba med ulike modellar for sportsleg organisering. Alternativa har vore å tilsetja ein sportssjef eller organisera det sportslege på ein litt annleis måte. No har dei kome fram til at den sistnemnde løysinga er den beste for klubben.
- Det som er fint med eit sportsleg utval er at det vil bli utarbeidd eit sett med reglar og føringar uansett om den daglege leiinga er sjuk eller ei. Når Bakkerud var vekke, var det ikkje så mange som kunne svara på spørsmål. Slik blir det ikkje no, seier Skeie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil starta planlegging no
Tomrommet som oppstod då Bakkerud forsvann har gjort at mykje har falle på formannen. Det nye utvalet skal ikkje revolusjonera klubben, men i staden for at eitt hovud sit med alle oppgåvene, vil det i det sportslege utvalet vera fem eller seks personar som deler på ansvaret. Oppgåvene deira blir å setja ting i system, noko som vil letta jobben for alle.
- Informasjonsflyten vil bli heilt annleis. Eg håpar me kan koma i gang alt no, og laga eit årshjul for komande sesong, der me alt no avgjer kva for cupar og slikt dei ulike laga skal vera med på, seier Skeie.
Jobber på frivillig basis
Den tidlegare stopperbautaen har vore koordinator for G15 og G16, men no som han inntek leiarrolla i sportsleg utval, utgår det engasjementet. Skeie skal gjera jobben på frivillig basis. Dei andre medlemene som er tiltenkt ein plass i utvalet har fått førespurnaden, medan underutvala ikkje er sett saman.
- Det er styret som vel kven som skal sitja i utvalet, medan me skal vera med og velja kven som sit i underutvala, seier Skeie.
Startar nytt seniorlag
Skeie gler seg til å ta fatt på jobben, og meiner klubben er inne i spanande tider.
- Talet lag og spelarar aukar enormt. Me har tre juniorlag, og heile 56 gutespelarar fordelt på tre lag. Til neste sesong vert det starta eit nytt seniorlag i 7. divisjon. Det laget vil bestå av det som i dag er eit av juniorlaga. Me er takksame for at det har kome ein bane til, seier Skeie.
Knut Haddal om omlegginga
I ei pressemelding forklarar styreleiar Knut Haddal tankegangen bak omlegginga.
- Styret valte ein sportsleg organisasjonsmodell der me i større grad får flytta det operative ansvaret nærare laga, samstundes som me har ein struktur som heng saman frå styrenivå til spelarnivå. Kvar medlem i sportsleg utval blir leiarar i sportslege underutval, som til dømes barnefotball og ungdomsfotball.
Artikkelen held fram under annonsen.
- A-lag herrar vil saman med rekruttlaget bli ei eiga satsingsgruppe, samstundes som me ønskjer å styrkja arbeidet kring kvinnefotballen og samarbeidet med Nore Neset. Difor er ein plass i utvalet sett av til kvinnefotballen.
- Styret har også evaluert siste års inndeling i elite og breidde, og endrar også organiseringa på dette. Det vil frå neste sesong vera lik medlemsavgift innanfor kvar aldersgruppe. Me fjerner begrepa og inndelinga i elite og breidde og går tilbake til 1. lag og 2. lag. Samstundes kjem me til å gje tilleggstilbod både på spesialisert trening med individuell spelaroppfølging, mental trening samt ernæring og kosthald.