Måtte senda kundane vidare
Irmelin Austefjord er ein av dei næringsdrivande i bygda som i dag måtte senda kundane vidare som følgje av uveret.Klokka 10.04 kom straumen tilbake på Osøyro, medan norddelen av bygda framleis er mørkelagt.
Oppdatert: Statoil stasjonen er oppe og går att no, etter at straumen kom tilbake på Osøyro cirka kl 10.
Irmelin Austefjord slår beklagande ut med armane, og fortel at kortterminalen ikkje fungerer utan straum.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Tek de kontantar?
- Eg har ikkje fått spørsmål om det, men det hadde vore vanskeleg. Eg får ikkje opna kassen utan straum. Og dei som vil fylla bensin eller diesel sender eg vidare til Nesttun, seier ho.
Konkurrenten på ESSO-stasjonen har same problemet, men dei tek i mot kontantar og held open butikk. Coop Extra har stengt butikken, men posten i eine enden av bygget held ope.
Status på straumbrotet
I skrivande stund er straumen komen tilbake nokre stader i bygda, ifølgje BKK. Litt over 4.000 kundar er no råka. I Hegglandsdalen og på Hatvik skal straumen vera på plass att. Osøyro og nordre delen av kommunen er framleis råka. For Osøyro sin del er det venta at straumen kjem tilbake klokka 11, medan nordsida av bygda må venta til 12.45.
Oppdatert: Klokka 10. 04 kom straumen tilbake i Osøyro.
Tekniske problem
- Det er eit himla vêr. Eg sit her i mørket sjølv, seier teknisk vakt, Torunn Paus.
Ho seier at ei rekkje alarmar står og uler pga. straumbrotet. Bortsett frå det, har dei ikkje opplevd alvorlege problem.
Brannvesenet reiser rundt og ser etter at sidevegane er brukande, blant anna i Hegglandsdalen og i Langedalen. Søvikåsen er stengt inntil vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har vore fredeleg enn så lenge. Rådhuset har jo ein del problem, og må bruka penn og papir, seier Gjøsund.