Går mot Autopass-betaling på ferja
Om få år kan truleg ferjekortet kasserast og bytast ut med brikke, ettersom fylkespolitikarane er samstemte i ønskjet om å innføra same betaling som langs vegane.
Det har lenge vore jobba for innføring av Auto-PASS-betaling på alle riksvegferjer i Noreg.
Nyleg vedtok samferdselsutßvalet i fylket å gå for same løysing for ferjene langs fylkesvegane i Hordaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gladsak
- Dette er ein gladsak! Eg har jobba lenge for dette, og endeleg kom saka opp no i sist møte. Då vart det samrøystes vedteke også, fortel ein godt nøgd ordførar i Fusa, Atle Kvåle.
Torsdag 14. januar vart saka handsama av samferdselsutvalet i Hordaland. No går ho vidare til fylkesutvalet for behandling. Det skjer etter planen fredag 29. januar.
- Alt tilseier at det blir vedteke der også når vi var samrøystes, seier Kvåle.
Dermed blir det lagt inn opsjon i konkurransegrunnlaga for dei nye ferjeanboda om at det kan bli innført betaling med Autopass-brikke på ferjene i Hordaland.
Anbodet for Hatvik-Venjaneset skal snart lysast ut, og skal ha oppstart 1. januar 2020.
Prøving og feiling
Slik betaling har vore utprøvd på fleire ferjestrekk andre stader i landet, med sambandet Flakk-Rørvik i Trøndelag som først ut og skikkeleg prøvekanin.
Evalueringa av prøveprosjektet der viser at det måtte ein heil del prøving og feiling til, før ordninga fungerte godt. Men etterkvart blei det bestemt at prøveprosjektet var suksessfullt nok til at det snarleg skal innførast på alle ferjer langs norske riksvegar.
Statens vegvesen vil innføra brikkebetaling i riksvegsambanda etter kvart som nye ferjekontraktar vert lyst ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med brikkebetaling blir det ikkje lenger mogleg å ta betalt per person.
- Det blir betaling per bil. Dermed må det sjølvsagt ein utrekning til for å regulera prisen, seier Kvåle.
- Ettersom inntektsgrunnlaget ikkje skal svekkast som fylgje av overgang til nytt regulativ, er køyretysatsane noko auka, skriv Fylkesrådmannen i hovuddokumentet knytt til saka.
Taper ikkje arbeidsplassar
Sjølv om ferjebilletøren kan sjå ut til å bli fasa ut, er det ingen grunn til å frykta tap av arbeidsplassar lover Kvåle.
- Eit viktig poeng er at dette nye systemet ikkje skal gå ut over mannskapet. Det er slått fast at vi treng alle dei vi har i dag av tryggleiksomsyn. Noko eg er veldig letta over, seier Kvåle.
Saksdokumentet frå Fylkesrådmannen peikar også på dette i sitt saksdokument:
- Etter det som er opplyst av ferjeoperatørane på dialogkonferansen så vil ein ikkje kunna redusera bemanninga som fylgje av AutoPASS på grunn av tryggleikskrava.
Kvåle trur det er all grunn til å venta at ein også kan spara inn noko tid på at ein med det nye systemet kan køyra rett inn på ferja, og unngå billeteringsleddet. Og for Kvåle som også har eit sterkt ønskje om å få innført halvtimesintervall på Fusa-ferja, kan sparte minutt bety mykje.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For fylkeskommunen vil det vera viktig å leggja til rette for raske og smidige billetteringsløysingar som vil gje effektiv trafikkavvikling, skriv Fylkesrådmannen.
På Stord-ferja også
Kva samband som skal få innført brikkebetaling er ikkje avklart enno.
- Kva samband som skal få AutoPASS-brikkebetaling vil bli avklara i det vidare arbeidet. Her må det gjennomførast ei nærare vurdering av behov knytt til dei einskilde sambanda, skriv fylkesrådmannen.
Kvåle er sikker på at Hatvik-Venjaneset er ein soleklar kandidat.
- Hatvik-Venjaneset har desidert størst trafikk på fylkesvegsamband i heile Hordaland. I ein klasse for seg, seier han.
Berre riksvegsambandet Halhjem-Sandvikvåg har meir trafikk her i regionen. Også for dette ferjesambandet er AutoPass-betaling eit krav i det nye anbodet som Statens Vegvesen skal lysa ut kring 1. mars. Dette stadfester regionsleiar for Bjørne- og Boknafjorden i Fjord1, Tor Kristoffersen.
- Dette vil gjelda frå 2019. Då er det krav om at AutoPASS skal kunne brukast som betaling, i tillegg til at ein skal kunne betala manuelt, forklarer han.