For høg fart på Halhjemsvegen
Tre personar måtte opna lommeboka då UP hadde kontroll på Halhjemsvegen i går.
– I går ettermiddag hadde UP fartskontroll med laser på Halhjemsvegen. Dei stod i 70-sona i retning Halhjem, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite og held fram:
– Ein bilførar fekk eit forenkla førelegg for mobilbruk. To fekk eit førelegg grunna for høg fart, der høgaste hastigheit var 89 kilometer i timen, altså 19 kilometer i timen over fartsgrensa.
Artikkelen held fram under annonsen.
benjamin@osogfusa.no