I Tøsdal har temperaturen vore rundt minus 12.
I Tøsdal har temperaturen vore rundt minus 12.

Temperaturen skal opp med 23 grader

Dei kaldaste stadene i Os melde i dag tidleg om temperaturar ned i minus 15 og 16 grader. Kuldesjokket skal snart bytast ut med mildvêr.

På Søfteland i dag tidleg var det minus 16 grader. Ifølgje Teknisk vakt har dei ikkje høyrt om kaldare andre stader.

- Brøytevakta har fortalt om minus 15 grader i Hegglandsdalen og minus 14 i Varåsen, seier Torunn Paus.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har de opplevd problem relatert til sprengkulden?

- Eg fekk ein telefon i dag frå nokon som hadde fått vassinntaket fastfrose. Bortsett frå det har det gått greitt, seier Paus.

Mildvêr på veg

Mildvêret som både Storm og Yr har meldt om rykkjer stadig nærare. Torsdag vert siste dagen med minusgrader på ei stund. På sundag melder Yr at det skal vera 7 grader på Os - dermed vil temperaturen ha stige med over 20 grader på få dagar.

Det fine vintervêret skal snart bytast ut med regn og slaps.
Det fine vintervêret skal snart bytast ut med regn og slaps.