Viltjakta i gang for fullt
1. september gjekk startskotet for årets hjortejakt. Os Jakt og Fiskelag har fellingsløyve på 24 hjort.
Remi Lindborg, Gerda Bøe og Espen Krüger Andersen er tre av totalt fem jaktleiarar i Os Jakt og Fiskelag. Trioen er også blant lagets mest ivrige.
Medan Espen og Gerda har fleire tiår med erfaring, er Remi Lindborg i gang med sitt første som jaktleiar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jaktleiar-ansvaret har med koordinering av jakta å gjera. Me deler det slik at me har kvar våre veker fram til slutten av jaktsesongen 23. desember, fortel Remi.
Denne hausten er 44 jegerar meldt seg for Os JFL sitt jaktlag.
Første månadene best
Vel ei veke ut i jaktsesongen kan trioen fortelja om ei flott opningshelg.
- Me hadde to heldige jegerar i helga som var. Først hadde me ein nybyrjar ved namn Trond Erik Pedersen som skaut ei kolle i rengvêret på laurdag. Deretter var det ein relativ fersk jeger ved namn Kristian Haugland, som skaut ein flott bukk i finvêret på søndag, fortel Espen.
- Hjorten er ofte lettare å treffa på når det er fint vêr. Då er han ute og leiter etter mat og vandrar meir ute i ope terreng, legg Gerda til.
Normalt er dei første månadene i jaktsesongen best.
- I år har me fellingsløyve på 24 hjort. Normalt vert dei fleste felt i september og oktober, før snøen kjem.
- Men det er moro å jakta i november og desember også. Det er noko eige å varma seg på ein god kopp kaffi medan frostrøyken står ut av munnen, smiler Remi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Drivjakt
Os JFL har tre hovudområde for hjortejakt i Os - i Stokkedalen ved Gåssand, Ulvenområdet og Åsen og i Sjøbøen-området ved Lysekloster.
- I helga har me faste jaktturar. No tidleg i sesongen er me gjerne opp imot 30 deltakarar. Då vert det effektiv og god jakt, fortel Espen.
Laget driv for det meste med det dei kallar drivjakt.
- Det vil seia at me deler oss opp i to grupper. Ei gruppe driv hjorten framover ved hjelp av hundar, medan den andre gruppa sit i motsatt ende av området og ventar på at dyra skal koma til dei.
- Korleis unngår de fare for at ein skyt på kvarandre?
- Me har veldig mange tryggleiksreglar. Mellom anna må alle som deltek i jakta ha på seg ein oransje vest eller eit oransje hovudplagg. Dessutan er det strengt forbode å fyra av skot utan at ein har fri sikt til bakken bak objektet ein sikter mot, forklarar Gerda.
Delar brodarleg
Med 44 jegerar og fellingsløyve på 24 hjort vert er det sjølvsagt ikkje nok hjort til at alle kan fella ein kvar. Difor råder det full delingspolitikk i laget til Os JFL.
- Me har klare reglar for det. Det er difor det heiter jaktlag. Det heile er eit teamarbeid, og det er altså ikkje berre vedkomande som skyt hjorten som får gleda av å eta kjøtet. I laget vårt deler me brodarleg, avsluttar jaktleiar-trioen i Os JFL.