Knallhelg i vente
Helga, og spesielt laurdagen, blir det strålande vêr. Isolert sett gode nyhende, men det ser ut som at godvêret blir brukt opp før påsken.
– Det er litt som med ungane som et opp laurdagsgodteriet før barne-TV startar, seier vakthavande ved Meteorologisk institutt, Frode Hassel og ler.
– Påskevêret blir nok brukt opp i helga, ja, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kaldt om natta
For prognosane for helga ser svært lovande ut.
– Det er litt vind i dag utsette stader, og eit tynt lag med skyer. Skyene er på veg bort, og vinden vil roa seg til i morgon, seier Hassel.
Det er meldt strålande sol både fredag og laurdag.
– Særleg laurdagen ser bra ut. Søndag kan det skya litt til mot slutten av dagen, men det skal framleis vera roleg vindmessig.
Sjølv om det er sol, er det ikkje særleg varmt ute. Prognosane viser at det om natta vil vera minus fem grader – og gjerne litt kaldare.
– Det har å gjera med at det er skyfritt, seier Hassel.
På dagtid kan vi rekna med nokre få plussgrader.
– Søndag blir det litt mildare. Det er fordi det ser ut til å skya til litt, seier Hassel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Regn og plussgrader
Måndag ser grei ut, før det tysdag skal starta å regna.
– Det ser ut til å halda fram inn i palmehelga. Det skal ikkje regna heile tida, men det ser ut til å koma ein del nedbør. Temperaturen vil auka litt, men ikkje så mykje. Det blir ikkje store skilnader på dag og natt, og det vil ikkje lenger vera minusgrader om natta, seier Hassel og legg til:
– Det er vel positivt at det blir litt varmare, men dei fleste ville vel heller føretrekt litt kjøligare vêr og strålande sol i ein periode til.