Mann i 40-åra i arresten etter to brannar i Gymnasvegen
Mannen sit i arresten og skal avhøyrast i løpet av dagen.
Politiet fekk melding om to mindre branntillaup på gras, lyng og bos kl 22.58 torsdag kveld. Begge fann stad i Gymnasvegen med om lag 200 meters mellomrom.
Takk vera vitneobservasjonar, kunne politiet raskt pågripa ein Os-busett mann i 40-åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han tilstod straks å ha tent på og vart frakta til arresten i Bergen.
Mannen, som også har tent på brannar før, vil bli avhøyrt i løpet av dagen.
– Veit de noko om motivet?
– Det må vi koma tilbake til etter avhøyret, men det handlar nok ikkje om å brenna hageavfall, men om at han likar å sjå at det brenn, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Det er ingenting som tyder på at vedkomande handla med ynske om å starta nokon storbrann.
– Men slikt er vanskeleg å sikra seg mot. Det er fort gjort å mista kontrollen, seier Dyrdal.
Forelegg eller fengsel
– Kva straffereaksjon risikerer vedkomande?
– Det kjem an på korleis ein vurderer skadepotensialet til brannane. Dersom det blir kategorisert som skadeverk, er reaksjonen forelegg. Er det eit større farepotensial, kan det vera fleire år i fengsel. d KAn vere alt frå forelegg til fleire år i fengsel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen er ikkje straffa med fengsel tidlegare.
anne-marie@osogfusa.no