Tryggleik i familiane

Dei fleste born veks opp i trygge rammer i familien sin. Men av og til vert situasjonen rundt den trygge familien meir utrygg. Då er det viktig at samfunnstryggleiken verkar, skriv Laila Reiertsen (Frp).

LESARBREV: Borna vert alt for ofte ikkje høyrt ved samlivsbrot. Regjeringa føreslår å styrkja familievernet ytterlegare. Midlane skal gje fleire born tilbod om samtale når foreldra går frå kvarandre.

Familievernet har dei to siste åra blitt styrkt med over 70 millionar kroner til det førebyggande arbeidet i familieverntenesta. Den rekordhøge satsinga held no fram. Regjeringa føreslår å auka løyvinga med fem millionar kroner i 2016. Den samla auka satsinga frå 2013 vert følgjeleg 75 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det førebyggande arbeidet til familievernet er avgjerande for å gi familiane trygge rammer. Vi må gi familievernet ei større moglegheit til å snakka med born som opplever samlivsbrot. Fleire born skal få tilbod om samtale slik at dei blir høyrt.

Eingongsstønad ved fødsel

Regjeringa foreslår å prisomrekna eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon frå 44.190 kroner til 45.295 kroner per barn. Dermed er eingangsstønaden auka med over 10.000 kroner sidan 2013.

Regjeringa føreslår også å auka løyvinga til Nurse Family Partnership med 7 millionar kroner. Målet er å gi ekstra støtte til unge foreldre som får sitt fyrste barn. Programmet legg vekt på å følgja opp familiar som treng ekstra støtte over tid.

For utsette barn

Regjeringa styrkjar innsatsen for barn og unge som lever i fattigdom. Satsinga for å hjelpa utsette born held fram, og regjeringa aukar midlane til foreldrestøttande tiltak.

I Revidert nasjonalbudsjett 2015, og gjennom regjeringas strategi «Barn som lever i fattigdom», er løyvinga til dette arbeidet styrka med 56 millionar kroner på BLD sitt budsjett. Innsatsen held fram, og blir ytterlegare styrka med 18 millionar kroner for 2016. Totalt aukar innsatsen mot barnefattigdom med 74 millionar kroner på BLDs budsjett samanlikna med Saldert budsjett for 2015.

Vi har no ei historisk satsing mot barnefattigdom. Vi løfta denne satsinga tidlegare i år, og held fram til neste år. Arbeidet skal motverka born si oppleving av å veksa opp i fattigdom, styrkja det sosiale sikkerheitsnettet og bidra til at fattigdom ikkje går i arv. Utsette born er blant dei mest sårbare. Derfor held vi fram med å styrkja mellom anna foreldrestøttande tiltak.

Lettare å få bustad

Bustøtteordninga vert styrka med 60 millionar kroner over KMD sitt budsjett. Dette kjem først og fremst barnefamiliar til gode.

Regjeringa føreslår eit utviklingsprosjekt i kommunane for å styrkja tilbodet til utsette grupper som treng krisesentertilbod. 3 millionar kroner er foreslått til dette arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa føreslår samstundes å auka løyvinga til tilskotsordninga «Oppfølgings- og losfunksjon for ungdom», slik at løyvinga neste år er på om lag 31 millionar kroner. Tilskotsordninga til oppfølging av born av psykisk sjuke og born av rusmisbrukarar blir auka slik at ho i 2016 er på 23,5 millionar kroner. Det er ei satsing bygd på erfaringane frå Modellkommuneforsøket.

Den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er ein viktig del av den samla satsinga til regjeringa, og blir vidareført med nær 149 millionar kroner i 2016. Regjeringa held fram si satsing på foreldrestøttande tiltak i kommunane, som neste år vert på over 16 millionar kroner.

Løyvinga til Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir vidareført på nivå med saldert budsjett 2015. Løyvinga blir på om lag 29 millionar kroner.

Tilskotsordningane gir staten, kommunane, lokale lag og organisasjonar høve til å samarbeida godt. Kommunane må involverast i endå større grad for å nå fram til dei borna som treng det mest.

BLD koordinerer regjeringa sin innsats mot barnefattigdom. Fleire departement har viktige tiltak i dette arbeidet. Eg er glad vi har ei regjering som set familien høgt, og som vil gjera det ein kan for at born i familiane skal ha det godt i sin oppvekst.

Laila Reiertsen

Stortingsrepresentant (Frp)

Medlem av Familie- og kulturkomiteen