Sverre klinte til med ny VM-medalje
Fredag kveld gjekk han inn til VM-sølv med det norske laget i lagtempo. Laurdag føremiddag tok Sverre Lunde Pedersen VM-bronse på 5.000 meteren.
I ein sesong der det til no har vore litt stong-ut, vart det heilsklaff i VM i enkeltdistansar i russiske Kolomna denne helga. Sverre Lunde Pedersen har berre vore på pallen ein gong denne sesongen, men då det telte som mest trefte han perfekt med både form og løpsopplegg denne helga.
Osingen fullførte sin beste 5.000 m i ein meisterskap. Med tida 6,15,08 klarte han bronsen med bra margin framfor Patrick Beckert.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette er heilt utruleg sterkt av Sverre. At han presterer ein av sine beste 5.000-metrar dagen etter lagtempoen, er ein enorm prestasjon, sa Mikael Flygin Larsen i NRK-studioet.
Suverene på dei to første plassane var sjølvsagt Sven Kramer og Jorrit Bergsma. Førstnemnde vann distansen på tida 6,10,35. Jorrit Bergsma var knappe 30 tideler bak.