- Slit'an med ny, flott butikk
Godorda sat laust då Linn Frøkedal Røen og kollegaane opna den nye Kiwi-butikken på Haugsneset torsdag.
- Me er berre så glade for at de er på plass igjen. Litt seinare enn me håpa på, men hjelpe meg kor fint det er blitt. Me er supernøgde, seier Anne Fimreite og veninna i det dei helsar på butikksjef Røen og assisterande butikksjef Julie Kopperud.
Anne bur berre eit par hundre meter frå butikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Er det lov til å seia at me har sakna butikken noko grasalt, humrar Anne og dultar kameratsleg til underteikna.
Seks igjen
Den nye butikken på Haugsneset opna 10.01. Med det kunne gjengen også markera at dei opna den 650. Kiwi-butikken i landet.
- Me opna klokka 10.01, fordi det var ein Kiwi-butikk til som opna i dag. Den opna klokka 10.00, men vart altså berre nummer 649, humrar butikksjef Røen.
Ho fekk æra av å klippa snora og stå for den høgtidelege opninga. Etterpå delte ho ut ei rose til dei første hundre kundane som fann vegen.
- Det har vore ein jamn straum med kundar i heile dag. Dei hundre rosene fauk unna på få minutt, fortel sørenesingen.
Totalt 17 butikkmedarbeidarar får arbeidsplassen sin på Haugsneset i tida framover. Heile seks av dei jobba i den gamle butikken.
- Det har me fått mange kommentarar på. Det er mange som har nemnd at dei har sakna oss i året som er gått. Det er jo veldig hyggjeleg å høyra, smiler Røen.
Stor fruktavdeling
Også regionssjef Jan Olav Mjøs var på plass i butikken torsdag. Han gledde seg på vegner av bebuarane i området og betjeninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det tok litt tid før me kunne nyopna her, men no er ting gjort veldig skikkeleg. Både utanfor og innvendig. Det håper eg folk ser og set pris på, seier Mjøs.
Han kunne leggja til at den nye butikken i Os, no vert blant dei butikkane i regionen som har størst fruktavdeling.
- Skilnaden til tidlegare er enorm. I gamle-butikken var det gjerne to seksjonar. Her har me ei lang remse med frukt-seksjonar. Det håpar me osingane set pris på, smiler Mjøs.