Bølgjane slo høgt under stormen "Tor" fredag 29. januar. (Arkivfoto)
Bølgjane slo høgt under stormen "Tor" fredag 29. januar. (Arkivfoto)

Frisk bris etter stormen

- Maken til krisestemning har eg aldri sett før, sa Ståle Skaatun (H) og stilte spørsmål ved handteringa av stormen «Tor» i formannskapet torsdag.

Byggmeister og Høgre-representant Ståle Skaatun er van med å vera utandørs i allslags vêr. Storm er ikkje noko unntak.

- I mitt yrke sikrar vi oss litt ekstra når det er varsla dårleg vêr, men vi går ikkje i skyttergravene. I dette tilfellet verka det som om halve Os gjorde nettopp det, medan den andre halvparten lurte på kva dei skulle gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krisestemning

Han stilte deretter spørsmål ved kvifor fleire skular i Os etter kvart bad foreldre henta borna, og kvifor det var ulik praksis frå skule til skule.

- Eg sat eg att med ein haug ulike inntrykk, men til slutt konkluderte eg med at eg måtte henta ungane mine, sa Skaatun som meinte dette ikkje var naudsynt likevel.

- Maken til krisestemning har eg aldri sett før. Det var utkryssing og utslusing frå skuleporten, smilte han og rista på houvdet.

Ståle Skaatun (H) stilte spørsmål ved kommunens handtering av stormen "Tor".
Ståle Skaatun (H) stilte spørsmål ved kommunens handtering av stormen "Tor".

- Eg meiner at kriseleiinga i kommunen burde ha møttest klokka sju og ikkje halv ti. Deretter burde ein ha sendt ut ei felles melding til heile kommunen.

Ordførar Terje Søviknes (FrP) opplyste at kriseleiinga har hatt ei førebels evaluering av si eiga handtering.

- Vi har sikkert litt å gå på, men det vart lagt eit klart løp som vart kommunisert vidare ut i organisasjonen.

Ordføraren og rådmann Christian Fotland, meinte problemet oppstod i det media fortalde at ein i Bergen hadde byrja å stengja skulane.

- Dette skapte usikkerheit hos ein del foreldre, og nokre kom på eige initiativ og henta borna sine på skulen. Dermed fekk den einskilde skule heile problemstillinga i fanget og måtte sjølv ta ei avgjerd i saka, forklarte rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forvirring

Han la til at rådet frå kriseleiinga var eintydig på at dersom nokon skulle permitterast, så skulle det avklarast med politiet.

- Men i løpet av ein time var det sendt ut melding til foreldra utan at vi var kopla på.

Fotland trur råda frå kriseleiinga hadde halde seg utover dagen om ikkje alle desse "utanomtinga" hadde skjedd.

Barneskulelærar og Venstre-representant Jon Sivert Rykkel kjenner seg att i den forvirringa Skaatun og Fotland skildrar.

- På Os skule avventa vi svar frå kriseleiinga. Så høyrde vi at dei sende heim ungar på andre skular. Etter kvart valde vi ei mellomløysing i rein usikkerheit. Tanken og intensjonen var veldig god, men vi må jobba med oppfylgjinga frå kommunen, meinte han.

Rektorane har ansvaret

Eirik André Hesthamar minte om at rektor til sjuande og sist er ansvarleg for elevane på sin skule.

- I Strøno var det noko tre-velt, og foreldra vart difor opptekne av å få elevane sine heim over Strønobruo før noko verre skulle skje. Dermed byrja ballen å rulla, men rektorane handla etter eit sikkerheitsperspektiv, meinte han.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) minte om at meteorologane hadde ei vanskeleg oppgåve denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Prognosane endra seg undervegs, men det kunne ha blitt verkeleg ille. Eg meiner kriseleiinga tok ei fornuftig avgjerd, sjølv om vi kanskje tok litt av.

- Det var jo litt surrealistisk å henta i barnehagen og rusla heim i vindstille under blå himmel, sa Nøttseter til latter frå formannskapet.