Berga bil og sjåfør på vippen
Ein bil stod i kveld i fare for å hamna ned ei skråning. Men brannvesenet fekk sikra bilen, og føraren kunne stiga uskadd ut.
Litt etter klokka sju rykte alle naudetatane i Os ut til eit trafikkuhell langs Hatvikvegen. Det var veldig glatt på sidevegane til FV 552 og bilen hamna opp på ein murkant i det føraren skulle svinga av.
- Meldinga kom frå ein som hadde vore vitne til uhellet. Bilen hadde ingen skadar, men stod og vippa på ein murkant. Det var fare for at han skulle detta ned, opplyser Stein Rune Halleraker ved Operasjonssentralen i Hordaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjåføren turte ikkje å gå ut, og sat og heldt på bremsen då politiet kom.
- Bilen vart sikra med vaier, og då var alt i orden. Sjåføren kunne stiga ut, fortel Halleraker.
Ifølgje meldinga frå politiet ser det ut til at sjåføren berre var uheldig. Han hadde gode vinterdekk, og ingen promille.
- Førarkortet vart ikkje inndrege, og det var ingen personskadar i ulukka. Dermed er det heller ikkje ei politisak, opplyser Halleraker.