Kveldens store snakkis
12 timar før Erna Solberg går ut offisielt, var det ingen som lenger gjetta på Søviknes som minister. Men i kommunestyret var det like fullt det store samtaleemnet.
- Eg er blitt kontakta godt over 60 gonger i dag av ulike medier som vil ha kommentar, sa ordførar Terje Søviknes til lokalavisa då kommunestyret hadde matpause. Medan politiske kollegaer koste seg med kommunal buffet, måtte ordføraren svara på telefonar.Heller ikkje «Os og Fusaposten» var heilt fri for spekulasjonar. Ordføraren sjølv la ut BA sin spekulasjonssak på facebook, med følgjande kommentar: "Dagen for spekulasjonar, og tausheit".
Forklarte kva som ville skje
Men tausheita var ikkje større enn at ordføraren svarte då Gisle Hesjedal (Ap) spurde Søviknes kva som ville skje reint formelt dersom ordføraren skulle bli minister.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har ein avtale med Høgre, om at Høgre overtek ordførarvervet dersom eg vert minister. Eg måtte eg levert inn permisjonssøknad. Denne måtte behandlast av neste kommunestyremøte. Deretter måtte kommunestyret velja ny ordførar og varaordførar, forklarte Søviknes.
Ingen gjettar på Søviknes lenger
Sjølv om både NRK og Aftenposten tidleg på dag gjetta på Søviknes, var han ikkje med seinare på kvelden då alle dei største mediene annonserte at dei hadde "fått stadfesta" korleis regjeringskabalen vert sjåande ut.
- Den største overraskinga er at Terje Søviknes ikkje er med på lista over nye ministrar, melde Dagbladet rundt kl 21.
Heller ikkje Tv2, NRK, VG, Aftenposten, ABC Nyheter, Dagsavisen plasserte Søviknes i ministerpost etter kvart som kvelden gjekk.