LIdllageret er på kring 36.000 kvm. MX Sport Bergen Holding AS, Sport Outlet og Elements Production med brørne Skeie i spissen, skal no leiga 3.600 kvm. Avtalen gjeld for 10 år.
LIdllageret er på kring 36.000 kvm. MX Sport Bergen Holding AS, Sport Outlet og Elements Production med brørne Skeie i spissen, skal no leiga 3.600 kvm. Avtalen gjeld for 10 år.

Skal leiga 10 prosent av Lidl-lageret

Brørne Jan Frode og Tor-Andre Skeie skal frå 1. mai leiga 3.600 kvm i Lidl-lageret.

Sportsbutikk-brørne frå Os har i lengre tid hatt administrasjonen sin i Handlegården på Osøyro. Lageret for sportsprodukta som dei sel i sine fem MX-butikkar og 19 outlet-butikkar, har dei inntil no hatt i Kristiansand.

Frå mai av flyttar dei både administrasjonen og lageret til Lidl-bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette blir meir praktisk. Då får me alt samla på ein plass, seier Jan Frode Skeie.

Forretningskollega og medeigar Odd Arne Larsen blir også med administrasjonen til Lidllageret.

Ettersom dei skal drifta eit 3.600 kvm stort lokale, er det naturleg at dei kjem til å tilsetja fleire folk.

Det blir meir praktisk for Jan Frode Skeie og kona Anne i MX-butikken på AMFI Os når lageret kjem til Ådnadalen.
Det blir meir praktisk for Jan Frode Skeie og kona Anne i MX-butikken på AMFI Os når lageret kjem til Ådnadalen.

- Per dags dato er me 15 i administrasjonen, men me blir nok fleire utover våren, seier Jan Frode.

Det var «Midtsiden.no» som omtala saka først måndag.