Med stolte og ivrige instruktørar var det fleire som vågde seg frampå under minikurset i folkedans frå Syria. (Alle
Med stolte og ivrige instruktørar var det fleire som vågde seg frampå under minikurset i folkedans frå Syria. (Alle

Feira FN med folkedans og korgafest

Laurdag feira Fusa FN sin 70 års-dag med internasjonal kafé på biblioteket i Eikelandsosen.

- Arrangementet vart ein stor suksess med mykje folk innom dørene i Kommunetunet, fortel kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes.

Han ønskte velkomen til jubileumsfesten på vegner av Fusa kommune og Fusa frivilligsentral. Han fekk god hjelp til å tolka frå norsk til arabisk av Jowan Rihad, som sjølv kom frå Syria i februar og som no er ein ressursperson for nyss komne flyktningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På den 70. FN-dagen måtte me sjølvsagt også syngja gebursdagssongen, fortel Vangsnes.

FN var også i fokus med ei lita utstilling og korte filmsnuttar i eit eige rom.

Utstilling og minikonsert

I Glasgato synte Raoul Jesus, opphavleg frå Portugal, fram bileta sine i akryl med haustlege motiv og stilleben knytt til m.a. jakt, blømande solsikker, druer og vin.

Konserten i biblioteket med dei lokale musikktalenta Natasja Smørholm og Idar Rolland vart avslutta med ein julesong frå Ungarn.
Konserten i biblioteket med dei lokale musikktalenta Natasja Smørholm og Idar Rolland vart avslutta med ein julesong frå Ungarn.
I Glasgato synte Raoul Jesus, opphavleg frå Portugal, fram bileta sine i akryl.
I Glasgato synte Raoul Jesus, opphavleg frå Portugal, fram bileta sine i akryl.

- Utstillinga vil vera open for publikum i Kommunetunet og biblioteket sine opningstid i ein månad framover, opplyser Vangsnes.

Det vart også ein minikonsert i biblioteket med dei lokale musikktalenta Natasja Smørholm og Idar Rolland.

- Natasja avslutta settet med ein julesong frå Ungarn til stor jubel frå eit talrikt publikum, fortel kulturleiaren.

Surt, søtt og salt

I kantina i Kommunetunet var det dekka langbord med rettar frå fleire land, med både surt, søtt og salt.

- Kafeen var organisert som korgafest med god praktisk hjelp frå Eikelandosen husmorforeining. Praten gjekk livleg mellom både kjende og ukjende. Slik ser ein korleis sånne arrangement fungerer som gode møteplassar som både skaper og styrkjar nettverk i lokalmiljøet, konstaterer Vangsnes nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkedans frå Syria

Siste innslag var eit lite minikurs i folkedans frå Syria. Med stolte og ivrige instruktørar var det fleire som vågde seg frampå.

- Med smittande musikk og rytmar var stemninga stor midt på ein laurdag. Dette gav meirsmak, avsluttar Vangsne4s.

Neste internasjonale kafé er laurdag 28. november med tema midtvinterfest.