Erik Tysse var suveren i løypa ved Store Lungegårdsvannet i helga. Med to nye NM-gull er han no oppe i 37 totalt.
Erik Tysse var suveren i løypa ved Store Lungegårdsvannet i helga. Med to nye NM-gull er han no oppe i 37 totalt.

Tok sitt 36. og 37. NM-gull

Erik Tysse tok to NM-gull på heimebane i Bergen i helga. Joakim Sælen tok eitt sølv og ein bronse.

NM i kappgang gjekk av stabelen ved Store Lungegårdsvann i Bergen. Laurdag var det 20 km. Søndag var distansen halvert. Begge dagar vann Erik Tysse suverent. Med sine to siste NM-sigrar er 32-åringen no oppe i 37 NM-gull. Det er tre meire enn sambygding Erling Andersen.

- Eg har passert Erling når det gjeld gull, men kjem me til NM-medaljar generelt, har eg ein lang veg å gå dersom eg skal ta han att, humrar Tysse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode økter

Erik Tysse gjekk tøft ut på 20 km laurdag. Etter å ha fått litt puls ut i løpet, klarte han å finna ein passande rytme som han følgde til mål.

- Tida vart 1.21,24. Det er ganske ok, ettersom eg ikkje hadde noko drahjelp i fronten, fortel Tysse.

Nore Nesingen Joakim Sælen sytte for at det vart dobbelt osisk då han noterte seg for 1.33,13 og vart nummer to.

Joakim Sælen tok sølv på 20 km og bronse på 10 km.
Joakim Sælen tok sølv på 20 km og bronse på 10 km.

På søndagens 10 km gjekk Erik i mål på tida 40,23. Næraste utfordrar kom i mål på 43,21. Joakim Sælen vart her nummer tre med tida 44,00.

- Eg er godt nøgd med dei to konkurransane i helga. Søndag var eg bra sliten i beina, men klarte likevel å få opp farten og gå 2-km-rundane på i overkant av åtte minutt. Det er eg nøgd med, seier Tysse.

Til Flagstaff

Neste tysdag reiser han til Flagstaff i Arizona, Amerika. Dette er plassen han bruker å trena om vinteren.

- Om somrane har me stort sett vore i St. Moritz i Sveits, men denne gongen vil me prøva oss i endå høgare høgland. Flagstaff ligg på 2.100 meters høgde. Med ein god treningsmånad der bør eg vera i god form til VM i Beijing 23. august, seier Tysse.

Resultat:

Artikkelen held fram under annonsen.

20km herrar:

1 Erik Tysse, Norna-Salhus 1.21.24, 2. Joakim Sælen, TIF Viking 1.33.13. Håvard Haukenes, Gular, vart diska.

10 km herrar:

1. Erik Tysse Norna, Salhus IL 40,23, 2. Fredrik V. Røtnes, BUL Tromsø 43,21, 3. Joakim Sælen, TIF Viking 44,00, 4. John-Christian Scheie Søfteland TIL 53,12, 5. Erling Andersen, Søfteland, TIL 56,32, 6. Arild Fotland, Søfteland TIL, 57,33, 7. Syver Andersen Morvik, TIF Viking 64,50, 8. Arvid Bjørsvik, TIF Viking 65,57, 9. Jan Rolstad, TIF Viking 68,31.