Knallsterk andreplass til Ragnhild
Åtte fusingar deltok i Noregscupen på Beitostølen i helga. Best gjekk det for Ragnhild Femsteinevik som vart nummer to på søndagens sprint.
Dei gjekk to renn på Noregscup 2-runden på Beitostølen i helga. Laurdag var det normalprogram. Søndag var det sprint. For Hålandsdal IL sine to beste gjekk det best søndagen.
Ni treff
Ragnhild Femsteinevik gjekk inn til ein niandeplass på normalen. På sprinten skaut ho ni treff og tok ein knallsterk andreplass, berre slått av det nye stortalentet, Ingrid Landmark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også Bjarte Solvang hadde flott stigning i resultata. Laurdag måtte han tola åtte tilleggsminutt på normaldistansen (20 km) og vart nummer 38. På sprinten skaut Solvang ni treff og tok tredjeplass på distansen. Mykje tydar på at eit fall på siste runden fråtok han ein endå betre plassering.
Dei seks andre fusingane som var i aksjon var Ingrid Hovland, Embrik Børresen, Martin Dale, Ingrid Hovland, Heidi Hovland og Trygve Vangsnes.
Best av dei sistnemnde vart Heidi, som vart nummer ti på normalen og nummer åtte på sprinten i klassen for kvinner senior.
Noregscup 3-runden går 9. januar. Plassen er Vingrom på Lillehammer.