Verdas minste julegate høgtideleg opna
I kveld tende Sævareid-folket adventsljosa i verdas minste, men koselegaste julegate.
I alle fall vert ho kalla dette på folkemunne, ifølgje primus motor Heidi Bergesen.
– Mange har høyrt om den vesle julegata i Sævareid, og tek turen nedom for å få ho med seg, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
I år vart julegata sett opp for 12 året på rad. Ho består av ein lysdekorert Nærbutikk og 10 juletre som Hartvig Haugen har stilt med.
– Han er utruleg grei og stiller med gratis juletre til oss kvart einaste år, seier Bergesen.
Travel nisse
Ein god gjeng samla seg til julemusikk, utlodning, gløgg og peparkaker. Ifølgje butikksjef Trygve Einar Haugen var det ei stund litt uvisse knytt til om julenissen ville dukka opp.
– Du veit han er veldig travel på denne tida av året, men me får sjå om han får tid til å stikka innom, sa Haugen før festen var i gang.
Men jammen kom han, og det vart til og med litt snøvær over forsamlinga.
– Det er ein veldig triveleg tradisjon. Ungdomslaget syter for julelysa, og heile Sævareid stiller opp for å hjelpa til, seier Bergesen.
ol@osogfusa.no