Under laurdagens konsert i Oseana står det mellom anna salmetonar frå Os på programmet. Dirigent er Tyrone Landau.
Under laurdagens konsert i Oseana står det mellom anna salmetonar frå Os på programmet. Dirigent er Tyrone Landau.

Vener i klangen

Eit vekeslangt sommarakademi for unge songarar endar opp med Oseana-konsert på laurdag. - Dette er viktig for korbygda Os, heilt strålande, meiner Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Edvard Grieg Kor er det einaste koret i landet med tilsette songarar, bortsett frå Operakoret i Oslo. Sommarakademiet på Oseana er det andre i sitt slag, der Edvard Grieg Kor og ungdomskor syng saman.

- Dei unge er mellom 16 til 25 år og kjem frå heile landet, fortel kunstnarleg ansvarleg Håkon Matti Skrede, som mellom mykje anna er kormeister for Bergen Filharmoniske Orkester.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir formidla mykje inspirasjon og rettleiing gjennom denne veka på Os, meiner Skrede.

Under ein minikonsert ved Os kyrkje på onsdag, stod lokale salmetonar av Henrik Lyssand på programmet. Elles kan nemnast at osingane Sammy Kirkbride og Turid Moberg deltek.

I år er det engelskmannen Tyrone Landau som er dirigent og som står bak arrangementa. Den smakebiten avisa fekk høyra skulle tyda på at osingar og andre har noko å gle seg til på laurdag.

Unge songarar. Susanna Yttri Solsrud (21) frå Oslo, Susanne Starr-Lassen (20) frå Bergen, Marita Lervik (23) frå Bergen og Ingvild Schultze-Florey (23) frå Bergen. Starr-Lassen kjem forresten ut med singel 17. august.
Unge songarar. Susanna Yttri Solsrud (21) frå Oslo, Susanne Starr-Lassen (20) frå Bergen, Marita Lervik (23) frå Bergen og Ingvild Schultze-Florey (23) frå Bergen. Starr-Lassen kjem forresten ut med singel 17. august.

Kos på Os

Ei som var i fyr og flamme over å koma tilbake til Os var Ingvild Schultze-Florey frå Fana. Ho studerer i Manchester i Storbritannia på Royal Northern College of Music. Schultze-Florey har til og med fått laga ein spesialskriven opera til seg som er framført både i Bergen og på festival i London.

- Det er deilig å jobba i ensemble og få synga på norsk. Me lærer utruleg mykje saman med dei etablerte songarane. Som Skrede seier: "Me er vener i klangen".

"Sommarleiren" på Os er også ein sosial arena der ein får utvikla personlege relasjonar, heilt avgjerande i ein musikarkarriere.

- Og så har me lang, god lunsj på Oseana. Det må du få med, for det er veldig koseleg, avsluttar Schultze-Florey.