Stemninga kom seint, men godt
Den verkelege allsongen og trampeklappen let venta på seg til kveldens to siste band, Neil Finn og Mike & the Mechanics.
Rett nok fekk både Donkeyboy og The Holy Ghosts publikum til å dansa, men det var ikkje før dei to mest rutinerte banda kom på scenen at stemninga for alvor tok seg opp.
Fekk draumen oppfylt
Under Neil Finn sin konsert i kveld fekk også festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen ein draum oppfylt då han fekk stå på scenen med eit av sine idol.
Artikkelen held fram under annonsen.
Neil Finn inviterte ORBO med seg på scenen for å synga Crowded House-låta "Always take the weather with you". Til stor begeistring for heimepublikum.
Ole! Ole! Ropte folk då dei to var ferdige.
Donkeyboy vart ein hitparade og sytte til liks med Vamp for at ein god del folk hadde samla seg til konsertstart allereie klokka seks.
Sigvart Dagsland sa på førehand at han har lite festivalerfaring, men er ein flinking og leverte varene.
Skotsk overrasking
Etter han kom The Holey Ghosts på scenen, eit for mange ukjent rythm and blues-band frå Skottland.
For mange vart nok dei kveldens store overrasking, for dei var rockestjernemateriale.
Ikkje berre var dei utruleg dyktige musikarar, med eit låtmateriale som umiddelbart var lett å lika.
Publikumstekke hadde dei også i massevis. Dei mange hadde venta på i kveld var nok Neil Finn og Mike & the Mechanichs.
Artikkelen held fram under annonsen.
Proffe til fingerspissane begge banda, og dei innfridde. Endeleg løsna det hos publikum med hittar som "Land of confusion" og "Looking back over my shoulder".
I det heile har laurdagen bestått av fem konsertar med dyktige artistar og band, som hadde fortent eit større publikum.