- Må ha nye ferjer
Splitter nye ferjer kan bli resultatet når både nullutslepp og driftstryggleik er viktige krav i det nye ferjeanbodet som snart skal lysast ut.
Om kort tid skal nytt ferjeanbod kunngjerast, og Skyss og fylkeskommunen er i sluttfasen av arbeidet med å utarbeida konkurransegrunnlaget.
- Fusa kommune har hatt fokus på dette med nullutslepp eller lågutslepp. Samtidig er vi avhengige av å kunna stola på at ferjene går - at vi har driftstryggleik. Dette er generelle krav som blir med i alle dei nye anbodspakkane frå fylket, forklarer ordførar i Fusa, Atle Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er også representant i Utval for miljø og samferdsel i Hordaland Fylkeskommune, som lyser ut anbodet
Ber staten betala
- Skal miljøkrava bli oppfylte må det statleg medfinansiering til. Dette har ikkje fylket råd til åleine, seier han.
Krav om å ta i bruk nullutslepp- og lågutsleppsteknologi der det er mogleg, kjem i fyrste omgang frå storting og regjering.
Hordaland fylkeskommune har vald å følgja opp med å setja seg som mål å fjerna flest mogleg av dieselferjene og erstatta desse med laåg- eller nullutsleppsferjer.
Når staten stiller krav, meiner fylkespolitikarane at det også må følgja pengar med.
- Vi forventar statleg finansiering. ENOVA bør koma på banen, meiner Kvåle.
Sommaren 2015 vedtok også stortinget å be regjeringa vurdera korleis auka miljøkrav skal finansierast.