Ny medarbeidar på Oseana
Oseana kunst- og kultursenter har tysdag tilsett Veronica Søilen Halhjem som ny marknads- og kommunikasjonsansvarleg.
Veronica har bachelorgrad i kommunikasjon frå USA, og lang erfaring frå arbeid med sal og marknadsføring, heiter det i ei pressemelding frå kunst- og kultursenteret.
Ho driv og sitt eige dansestudio på Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Veronica har akkurat dei kvalifikasjonane vi ser etter og var fyrstevalet blant 68 søkjarar. Dette gler vi oss veldig til, uttalar Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg i pressemeldinga.
Veronica Søilen Halhjem startar i jobben 1. mai.
Lindeberg nyttar også høvet til å takke Janne Mari Hjelle for «ein fantastisk innsats for senteret».