Masseslagsmål i Os i natt
I halv tre-tida natt til laurdag fekk politiet melding om at kring ni personar slåss ved Esso-stasjonen i Os.
Det skriv NRK Hordaland på nettsida si.
Ifølgje patruljen som kom til staden, var det veldig amper stemning, og fleire måtte visast bort frå sentrum. Ei kvinne i 20-åra vil ifølgje NRK bli meldt for ordensforstyrringar.