For første gong på senteret
94 år gamle Ruth Hjelle har budd i Os i heile sitt liv. Tysdag var ho for aller første gong på AMFI Os for å shoppa.
Tilsette ved Os sjukeheim tok tysdag førmemiddag med seg nokre av dei eldste bebuarane på shopping. For Ruth Hjelle var det faktisk første gong ho var på AMFI Os.
- Eg synest det er umåteleg stort. Kanskje litt i overkant, kviskrar Ruth med eit lite smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho skjønar at det kan verka underleg at ei kvinne som har budd i Os i heile sitt liv, aldri har sett behovet for å stikka innom den største handelsplassen i kommunen.
- Ja, det er kanskje rart. Men eg budde i Hegglandsdalen, og der hadde me Hegglandsdalen Handelslag - i alle høve til han vart nedlagt for nokre år sidan. Etter det har eg ikkje vore så mykje å handla. Eg har nemleg dårlege hofter og fekk andre til å hjelpa meg med den biten, fortel Ruth.
Kikketur og lunsj
Medan dei andre i "shopping-laget" byrja å farta litt rundt. Sat Hegglandsdal-jenta framleis i sofaen i andreetasjen på senteret.
- Er du sliten, Ruth?
- Nei, eigentleg ikkje. Eg må berre sitja å sjå meg litt rundt. Eg vart ærleg tala litt overrumpla over kor stort det er her. Kanskje til og med litt overdådig for min smak, humra 94-åringen.
- Og du er sikker på at du aldri har vore her før?
- Ja...eller, det kan tenkjast at eg var oppom her ein gong på 1980-talet, men då var det vel berre to-tre butikker her, var det ikkje? undrar Ruth.
Ho hadde ingen konkrete planar om kva ho skulle kjøpa denne føremiddagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har to born og seks barneborn. Julepresangane til dei er i boks. det har eg fått hjelp med, fortel Ruth.
- Kva skal du her i dag sjølv, då?
- Det blir å kikka på folk og fe og eta lunsj på ein kafé som skal vera her på huset, seier Ruth.
Sprek tippoldemor
Totalt fire bebuarar frå Os sjukeheim var med på shoppingturen tysdag. Utanom Ruth hadde alle dei tre andre vore på senteret tidlegare.
- Jaudå, kan skjøna det. Her har eg handla ein del, seier 98 år gamle Lilly Skarstein.
Søftelands-jenta hadde med seg to av døtrene sine.
- Skal du kjøpa julepresangar i dag?
- Hmm, nei, det veit eg ikkje. Dersom eg kjem over noko, kanskje, ler Lilly.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ho har i alle høve nok personar å kjøpa til. Ho har sju born, ein god gjeng barneborn og oldeborn, samt tre tippoldebarn. Nei, vel er ho sprek, men eg trur ikkje ho skal styra med julepresangar. I dag skal du kosa deg, seier Lillys to døtrer og gjev mor ein klapp på skuldra.
Slutta å sykla
Dei to siste i shopping-følgjet var Kjellaug Møldrup (87) og Arnt Lekven (97).
Førstnemnde hadde alt snopt seg noko nytt til rommet på sjukeheimen.
- Eg kjøpte meg ei flott pyntepute, så får me sjå om me ikkje også finn litt andre småting til å pynta opp med. Det er jo julemånad, seier 87-åringen frå Kuventræ.
Arnt Lekven måtte ha med seg ein rulator. Men det er ikkje mange månadene sidan sprekingen kom seg rundt på eit langt raskare framkomstmiddel med hjul.
- Eg har alltid likt å sykla. Inntil eg slutta å jobba for nokre år sidan sykla eg til og frå jobben på Bahus kvar einaste dag. Det var kjekt, minnast Lekven, som budde på plassen med same namn.
- Eg sykla eigentleg heilt fram til eg flytta til sjukeheimen for kring eitt år sidan. Etter det har eg hatt nok med å gå, fortel Arnt.
Ny tradisjon?
Tre tilsette ved Os sjukeheim var med den eldre garde på shoppingturen. Hege Sande, Karoline Sørstrønen og Corazon Skorpen gjer det gjerne igjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er ofte på utfartar, men eg trur det er første gong me har med oss nokon på juleshopping. Uansett håpar me å gjenta dette med fleire bebuarar. Det verkar i alle høve som dei me har med i dag, kosar seg, konkluderer trioen.