Årets viktigaste russeknute
Søndag kjem russen rundt med bøsser for å samla inn pengar til Krafttak mot kreft. - Vi har i tillegg kickstarta innsamlingsaksjonen på internett, kor vi har fått inn over 1.000 kroner, seier Ingrid Marie Stokke.
I tillegg til at elevane kjem rundt med bøsser, er det altså mogleg å støtta via internett.
- Etter kvart er det færre og færre som har kontantar liggjande heima, difor vil vi også oppmoda til å støtta aksjonen via internett. Då går ein inn påkreftforeningens nettstad, seier Råen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Engasjement og stå-på-vilje
Fjorårets russ sette innsamlingsrekord. Jentene vi snakka med i dag har veldig lyst til å samla inn like mykje, om ikkje meir.
- Det blir ikkje lett. Vi er ein del færre elevar i år. I fjor var dei vel fire klassar, og vi er tre. Vi har uansett tenkt å jobba hardt for å få inn så mykje som mogleg, og skal blant anna høyra med ulike verksemder om dei kunne tenkja seg å bidra med eit litt større beløp, seier Stokke.
- Om nokon les dette, og ønskjer å bidra, er det berre til å ta kontakt, seier Råen.
Vil dekkja heile Os
Russen på Os vidaregåande skal også samla inn pengar til Krafttak mot kreft.
- Vi kjem nok til å alliera oss med dei når me skal gå med bøsser, slik at vi dekkjer så mykje av Os som mogleg. Forhåpentlegvis når me ut til alle, seier Wold.
Langtidsvarslet tyder på at det blir greitt bøsse-berings-vêr. Jentene på gymnaset håpar ikkje det blir for fint.
- Om det vêret er for fint, så er jo ingen heima. Då må de huska å støtta via nettstaden, seier Wold.
- Vi får berre venta med å gå til seint på kvelden i så fall, då er folk heima, seier Råen og smiler.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets krafttak mot kreft går til forsking på å leva med kreft, og gi dei som er råka av sjukdomen moglegheita til å få gode år. Kreft er noko som kan ramma alle.