Serverte cookies under nettside-lansering
Os kommune har jobba med nye nettsider i eit halvt år. I dag var det lansering, med cookies på menyen.
Skjermen på kommunetorget ville ikkje samarbeida, men Simen Soltvedt, leiar for avdeling informasjon og service i Os kommune, ordna med berbar maskin slik at nysjerrige kommunetilsette likevel fekk sjå dei nye sidene.
Har sett til Oslo
- Det skal vera enkelt og oversiktleg å finna fram til det ein søkjer etter. Me har brukt same utforming som Oslo kommune. Dei har jobba saman med brukarar, for å koma fram til eit veldig brukarvenleg resultat, seier kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Stende og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei gamle sidene våre leid under enorme informasjonsmengder og ein dårleg søkjefunksjon, som har forvirra og frustrert mang ein innbyggjar og kommunetilsett.
Ikkje ei nettavis
Den nye heimesida er ei kommunal nettside, ikkje ei nettavis.
- Me har flinke lokalaviser som tek seg av nyhende. Dei aller fleste går inn på oskommune.no for å løysa ei spesifikk oppgåve, som til dømes å søkja om barnehageplass eller finna ut om ein treng godkjenning for å byggja ein garasje. Difor er innhaldet på nye oskommune.no først og fremst informasjon om tenester, fordi det er det folk bruker sidene våre til.
Ønskjer innspel
Tilsette i Os kommune møtte opp på markeringa. Der fekk dei sjølvsagt servert noko å bita i.
- Ta ein informasjonskapsel, eller cookie om de vil, seier Stende og ler.
Soltvedt trekte fram arbeidet som Stende og webredaktør Sigrun Bukkholm har gjort.
- Det å laga ein slik portal er ikkje gjort i ei handvending. Dette er jobba med sidan i fjor sommar, seier han.
På oskommune.no er det lett å koma med tilbakemelding om kor vidt ein finn det ein leita etter eller ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har alt fått ti ulike meldingar. Det er nyttig for oss. Innspel frå brukarane er viktig for å få ei så god heimeside som mogleg, seier han.