– Endeleg kan du senda gratulasjonar også på nett
I dag lanserer lokalavisa ei heilt ny teneste: Gratulasjonshelsingar til bursdagsborn får sin rettmessige plass også i nettavisa.
Tenesta som alltid har vore populær i papiravisa tek dermed steget over i den digitale verda.
– I kvar einaste papiravis har Os og Fusaposten tilbydd ulike helsingar til dei som har bursdag, bryllaupsdag eller anna. No får lesarane våre tilbod om at helsinga også blir synleg i eit eige Helsingar-felt i nettavisa vår. Der kan lesarane på ein enkel måte sjølve senda inn helsingar, som deretter hamnar både i papiravisa og i nettutgåva, seier digitalansvarleg i Os og Fusaposten, Øystein Lid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Deling i sosiale medium
Med alle moglegheitane internett byr på av deling, vil det no bli mogleg å dela bursdagshelsinga i nettavisa på ulike sosiale medium med ein unik link.
– I tillegg skal det vera enkelt å ordna alt med helsinga via mobilen, slik folk ventar at det skal vera i dag, seier Lid.
Tilbodet er blitt til i samarbeid med media- og teknologifirmaet Innocode, som har ei rekkje av landets lokalaviser på si kundeliste.
– Det er ein del lokalaviser som har innført eit slikt tilbod med stort hell, og me vonar sjølvsagt at lesarane våre vil setja pris på tenesta, seier han.
HER er direktelinken til den nye tenesta, som også ligg godt synleg på framsida av nettavisa.
Også til kjæledyr
Ein litt meir uvanleg del av tilbodet er at det også blir mogleg å senda inn eit bilete av kjæledyret sitt.
– Ein av kollegaene i Os og Fusaposten kom på ideen at det også bør vera mogleg for folk å senda inn bilete eller helsing til kjæledyret sitt. Det er ein litt morosam gimmick, men som det har blitt påpeikt: ein del har kjæledyret som sin beste ven, og då bør det vera råd å senda inn eit bilete også av firbeinte, seier Lid.
Ei stadig fornying
Modulen som blir kalla «Helsingar» er altså siste skot i den kontinuerlege utviklinga av nettavisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er framleis relativt unge som nettavis, med berre to års nærvær på nett. Men i den tida har me stadig kome med nytt innhald og nye tilbod, frå Os og Fusa TV i 2016 til podcastsendingar no i haust. I første kvartal av 2018 har me endå eit nytt og spanande tilbod på lur som no er under utvikling. Me ser at lesarane våre responderer godt på at me stadig prøvar å fornya oss, samtidig som me vil halda på det viktigaste for ei lokalavis: formidling av godt redaksjonelt innhald, avsluttar Lid.
jostein@osogfusa.no