Bussjåfør Jan Ivar Kleven fryktar tryggleiken for passasjerane sine om ikkje det blir strødd med sand ved den typen vinterføre som ein hadde torsdag morgon. (Illustrasjonsfoto)
Bussjåfør Jan Ivar Kleven fryktar tryggleiken for passasjerane sine om ikkje det blir strødd med sand ved den typen vinterføre som ein hadde torsdag morgon. (Illustrasjonsfoto)

Ber kommunen og fylket strø med sand

- Vil fylket og kommunen ha skuleborn og andre passasjerar sikkert fram då må dei strø, ikkje salta, i dette veret, meiner bussjåfør i Fusa, Jan Ivar Kleven.

Kleven frå Gjermundshavn køyrer skule- og rutebuss for Tide i Fusa, mellom Eikelandsosen, Venjaneset og Strandvik. S

No er han grundig lei av å køyra på glatte vegar vinterstid.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvar er tryggleiken når kommunen og fylket lar vera å strø med sand på dei farligaste strekningane, spør han.

Brøytebil av vegen

Han fortel at han sjølv vart ståande fast og venta på at brøytebilen som hadde køyrd seg fast skulle bli drege opp att torsdag morgon.

- Korleis skal vi ta oss fram med bussen når sjølv brøytebilen køyrer seg fast, undrar han.

Han fortel at dei var fleire som stod og venta, og dei som prøvde å gå ut av bilane berre sklei på såpeglatt veg.

Bussen vart 20 minutt forseinka på grunn av hendinga kan han fortelja.

Kleven forstår ikkje korleis det kan skje. - Veit dei ikkje når dei bør strø, undrar han.

Han minner også om at enkelte er avhengige av å kome seg tidleg ut om morgonen.

- Vi bussjåførar skal jo vera på jobb "før alle andre", og er avhengige av å køyra sikkert allereie på veg til jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ingen ting skjer

Brøytinga som vart gjort natt til torsdag og torsdag morgon gjorde situasjonen mest verre, meiner han.

- Når vi har busstopp midt i bakken, så må vi leita etter veggrep når vi skal køyra vidare. Dei som står på busstoppet står også og sklir nedover. Brøyteskjeret gjer vegen glatt. Saltet gjer det berre endå glattare.

Han seier han opplever same problemet både på fylkesveg og kommunal veg.

- Hovudkontoret vårt i Nordheimsund har vore i kontakt med dei som skal gjera jobben fleire gonger, men ingen ting skjer.

Det er sand han saknar mest.

- Det hjelper ingen ting å salta på sånt føre som vi har no. Det gjer det ofte verre. Hadde dei blanda sand i saltet hadde det blitt så mykje betre.

Fleire problemområde

Strekningane han opplever som dei største problemområda er mellom butikken i Strandvik, vidare opp bakken og til toppen ved Rauvoll. I tillegg nemner han strekninga frå kaien på Venjaneset og opp til Fusatun som han meiner burde vore strødd med sand.

Torsdag morgon stod ein trailer fast nett på denne strekninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Så er det vegen frå Handelslaget og ut til kaien ved Byggemarknaden (Ådnavika, journ. mrk.) der vi snur med bussen. Dette er kommunal veg, men her har kommunen og fylket krangla lenge om kven som skal strø.

Han ser med gru fram mot korleis det skal bli med auka busstrafikk når mange fleire skuleelevar skal bussast til skulen når det no er vedteke at skulane i Strandvik og på Holdhus skal leggjast ned.

- Då blir det endå meir busskøyring. Kanskje vi kjem opp i tre turar kvar morgon. Og endå større behov for å strø, trur han.

- Kan ikkje vera over alt

Brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid, fortel at kommunen sine folk var ute og brøyta heile natta.

- Vi kjenner ikkje til at det har vore nokre problem på våre vegar, seier han.

Han kan fortelja at dei har strødd på enkelte strekningar.

- Dei har strødd eit par bakkar som var glatte i morgontimane. Mellom anna den opp til Skjelbreid Poireé, og den mellom Venjaneset og Fusatun.

På sistnemnde veg er det fylket som har ansvaret for brøytinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg veit at mannskapa der var ute og brøyta i dag tidleg. Men dei kan ikkje vera over alt på ein gong, minner han om.