Åtte 10-åringar på AMFI
2. november 2006 opna fleire nye butikkar i AMFI Os. Åtte av dei feirar 10-årsjubileum i dag.
- Eg hugsar det som om det var i går. Det var ei knallopning. Det stod kø utanfor butikken, mimrar Elisabeth Jansen frå klesbutikken Baretti.
- Det har vore fine år. Stundom litt utfordrande, men mest av alt kjekke år - og så har me fått så mange faste, gode kundar, legg Monika Nord frå Lysthuset til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forutan Baretti og Lysthuset, feirar også Baker Brun, Ezzenz, Parfymeriet, Kappahl, Shoday og Princess ti år i dag.
Kake og fest
Os og Fusaposten var heldig og fekk samla eit par representantar frå bursdagsbutikkane før opning onsdag morgon. Gjengen rakk å posera med tiårs-ballongane like innanfor inngangen i siste liten før opning.
- No må du skunda deg å ta bilete så ikkje kundane må venta, seier Thao Nguyen og Elisabeth Thorsen frå frisøren Ezzenz.
- Korleis skal de feira dette i dag?
- Det blir kake, fest, gode tilbod og trekning av gåvekort og mykje anna, seier gjengen.
- Hos oss vert det også litt mannekeng-oppvisning seinare i dag, legg Jansen frå Baretti til.
Ho har vore med sidan dag éin.
- I lag med Bente Strønen har me hatt fantastiske år. Håpar det blir like kjekt framover, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vågal satsing
Ein annan som såg det naturleg å mimra litt, var Monika frå Lysthuset.
- Det er rart å tenkja tilbake på starten. Eg hugsar det var mange som meinte eg var vågal som starta opp med livsstilsbutikk her i senteret, men sjølv om det har vore nokre utfordringar, har det gått veldig bra. Osingane har verkeleg teke godt vare på meg, og eg har mange faste kundar. Det er eg svært takksam for, seier ho.