– Vi arrangerer på ny til neste år
Innsamlinga til Hjelp Moldova laurdag genererte 130.000 kroner. Initiativtakar Gunnar Nagell Dahl ønskjer å gjera dagen til ein tradisjon.
– Det er berre til å seia at det blir ein tradisjon, for då er det sagt, og då kan vi ikkje trekkja oss, seier Gunnar Nagell Dahl og ler.
– Vi arrangerer på ny i 2019.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var gourmetkokk Nagell Dahl, saman med vener, som inviterte til Hjelp Moldova-arrangementet på Osøyro. Den kjende kokken har i lang tid følgt arbeidet til Hans Bjørn Bakketeig og organisasjonen Hjelp Moldova.
– Tilbakemeldingane var gode, og sjølv etter at arrangementet var over, var det folk som ønskte å kome med bidrag. Det er fleire som ønskjer å vera med og opptre og laga ei flott ramme kring dette, og det er mange som har bidrege med gåver og slikt. I år gjorde vi det enkelt for det var litt spontant, men det er ikkje noko i vegen for at vi kan laga det mykje større, seier Nagell Dahl.
Same tid neste år?
Vidare fortel Nagell Dahl at dei hadde håpa på å få inn 20.-30.000 kroner. Det talet blei mangedobla laurdag.
– Det er heilt fantastisk, og det verka som at folk var nøgde med arrangementet – berre sjå kor mange som møtte opp, seier Nagell Dahl.
– Tenkjer de å arrangera på same tid neste år – same helg som Osfest?
– Det kan godt henda. Vi får sjå kva tid vi kan få det til, seier Nagell Dahl.
Laurdag var det sal av mat, konsert med Johnny Olsen Band og auksjon av varer og opplevingar – og Havnechefen donerte delar av omsetnaden fram til klokka 14.00 til organisasjonen. Totalt fekk dei altså inn 130.000 kroner.
– Eg er heilt overvelda, seier Hans Bjørn Bakketeig i ei sak frå Hjelp Moldova.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I same sak seier Nagell Dahl at bakgrunnen for arrangementet var at dei fekk høyra at organisasjonen står i fare for å mista støtte frå Utanriksdepartementet.
– Det gjer at Hans Bjørn og co dermed må trappa ned aktiviteten i Moldova, så dette ville vi gjera noko med, seier Nagell Dahl.