Miljøtopp vann 10.000 på miljøtiltak
Nils-Anders Nøttseter har bretta mjølkekartongar sidan 1997. Torsdag vart han trekt ut som vinnar av BIRs lotteri.
Det var ein overraska, men glad Nils-Anders Nøttseter som opna døra heime i Varåsen då Tina Skudal frå BIR overrakte premien torsdag.
- Eg har i alle år bretta kartongar. Av og til har eg tenkt: "Er det nokon vits i å skriva namn og nummer på kartongen, eigentleg?" Men eg er glad eg heldt fram, seier Nøttseter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Å kutta ut bretting og returnering av mjølkekartongar har derimot vore uaktuelt for mannen som frontar Miljøpartiet Dei Grøne i Os kommune.
På tide at ein osing vann
Tina Skudal seier at Nøttseter er den første osingen som har vunne i BIRs returkartonglotteri.
- Det er fint at ein osing no vinn premien, så folk her i distriktet får sjå at vinnarsjansane er til stades. Eg får av og til spørsmål om returkartonglotteriet framleis eksisterer. Nokon trur at det var noko me dreiv på med på 90-talet. Men ordninga er altså høgst oppegåande! seier Skudal.
Ho fortel at tiltaket starta opp i 1997, og at dei no deler ut til saman 1,6 mill. kroner årleg. 120 premiar på kr 10.000 kvart år, og fire premiar på kr 100.000.
Ho kan opplysa om at mange av vinnarane har vore folk frå Fana.
- Dei har vore ekstremt flinke. Elles kan eg røpa at me ikkje er supernøye på om du har åtte eller fire kartongar stappa inni kvar kartong med namn på, seier Skudal.
Vinnarsjansane blir dermed dobla for dei som tek henne på ordet.
Bør vera viktig for både grøne og blå
- Kvifor er gjenvinning av mjølkekartongar så viktig?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det sparer oss for det første for store CO2-utslepp. Mjølkekartongane er i seg sjølv i bruk for første gong (ikkje laga av resirkulert materiale), så det er ekstra viktig å gjenvinna dette, seier ho.
Kartongane kan gjenvinnast 6-7 gonger, og blir t.d. om til Grandiosa-kartongar i sitt neste liv.
- For ikkje lenge sidan opplevde eg at vinnaren var ein som nettopp hadde begynt med brettinga. Det er litt ekstra kjekt at ein med eit miljøsamvit som Nøttseter vinn premien, seier ho.
- For min del vil eg leggja til at miljøperspektivet ikkje berre er noko me i MDG bør vera opptekne av. Det er også eit "blått" perspektiv her som handlar om sparing og utnytting av ressursar. Det er også god økonomi i dette, seier Nøttseter.
Kjøper grøne aksjar
- Kva skal du bruka pengane til Nils-Anders? Aksjar i Rørosmeieriet?
- Hehe, eg får seia som eg sa i førre kommunestyremøte då me skulle disponera kommuneoverskotet: Dei store pengane må ein planleggja i budsjettarbeidet i november. Nei, eigentleg så har eg tru på "put your money where your mouth is"-prinsippet. Noko av pengane vil gå til aksjar i Greenstat AS, seier Nøttseter.
Greenstat er eit selskap som utviklar prosjekt innan hydrogen og lokal fornybar energi, og er ein pådrivar for at "det grøne skiftet" vert fylt med konkret innhald.