Sa ja til fleire flyktningar - under tvil
Når alt kom til alt var Frp det einaste partiet som sa nei til Fylkesmannen si oppmoding om å ta i mot 30 flyktningar i 2016 og minst 35 i 2017. Men politikarane i Fusa var ikkje like sikre på avgjerda som dei har vore tidlegare.
- Kor vellukka integreringa er, veit me først når me ser kor mange av flyktningane som kjem seg i arbeid. Arbeid skapar velstand og utvikling for alle, også våre nye landsmenn. Frp meiner me bør ta ein pause i mottakinga, vinna litt erfaring, og finna ut korleis arbeidet skal drivast framover. Frp kjem til å røysta mot framlegget til vedtak, og så får vi sjå kva som hender fram mot kommunestyret, sa Magne Djuvik.
Fusa kommune har alt vedteke å busetja 20 flyktningar i 2016. Spørsmålet i formannskapsmøtet onsdag var om talet skulle aukast frå 20 til 30 inneverande år, og frå 10 til minst 35 i 2017. Tala er i tråd med Fylkesmannen si oppmoding frå november 2015.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Mitt inntrykk er at flyktningarbeidet har gått veldig bra så langt, men eg veit at det er fleire som er opptekne av om alle skal busetjast i Eikelandsosen, dersom vi skal ta i mot så mange, sa Margun Y. Samnøy (Sp).
Samnøy meiner at kommunen må forsøka å forhindra at det oppstår såkalla "gettoar" i Eikelandsosen, og påpeika at no er det på tide å mjuka opp vedtaket om at alle skal busetjast i kommunesenteret.
- Vedtaket om å busetja flyktningane i Eikelandsosen vart gjort under heilt andre føresetnader enn det som er situasjonen i dag. Strandvik, til dømes, har vist tidlegare at dei taklar mottak av flyktningar på ein utmerka måte, sa Hans Ekeberg (Ap).
Nytt tal?
Fleire var uroa for økonomien i arbeidet med flyktningane.
- Eg er i utgangspunktet positiv. Det er no problema er her. Men vi kan ikkje tillata at arbeidet går ut over den økonomiske situasjonen til kommunen, sa Bjarte Samnøy (KrF).
Rådmann Berit Fløisand fortalde at integreringsarbeidet skal fullfinansierast av staten.
- Kommunane skal ikkje gå i minus. Samstundes kjenner vi først behova og kostnadene når situasjonen er her, sa rådmannen.
- Eg er litt samd med alle, var kommentaren frå Aud-May Boge (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi har lukkast veldig bra med det vi har gjort så langt. Og sjølv om vi opplever utfordringar, kjenner eg meg rimeleg trygg på at økonomien er under kontroll. Eg er i utgangspunktet positiv, men talet på personar byrjar å verta høgt.
Høgre-politikaren understreka at kommunen ikkje nødvendigvis trengte å seia ja til 65 flyktningar dei neste åra.
- Vi kan gå inn for eit anna tal. Spesielt dersom det ligg an til mange familiegjenforeiningar i tillegg, sa ho.
Ordførar Atle Kvåle (Ap) er skeptisk til å ta pause i flyktningarbeidet.
- Når ein byggjer opp eit apparat, kan ein ikkje ta apparatet opp og ned, og opp og ned. Eg kan ikkje seia anna enn at arbeidet har vore vellukka så langt, sa ordføraren.
Kvåle utfordra Boge til å føreslå eit nytt tal.
Sju einslege mindreårige
- Eg synest ikkje talet er så viktig. For meg er det viktigare korleis integreringsarbeidet vert utført, og at fleire bygder får ta del i arbeidet, sa Bjarte Samnøy.
- Eg trur ikkje stemninga for å justera talet er så stor. Eg lèt framlegget stå som det er, svara Boge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvåle minna politikarane om utsegna som tidlegare ordførar Hans S. Vindenes (Sp) kom med før han tredde til sides, nemleg at det er heile kommunen som tek i mot flyktningar.
- Vi må bruka bygdene i arbeidet med å finna gode stader å etablera flyktningane, sa ordføraren.
Fløisand påpeika at administrasjonen ikkje treng eit vedtak som seiar at ein kan sjå etter høvelege bustader utanfor Eikelandsosen.
- Det gjer vi dersom det er formålstenleg, sa ho.
8 av 9 formannskapsmedlemer røysta for rådmannen sitt framlegg til vedtak, nemleg å følgja oppmodinga frå fylkesmannen når det gjeld talet på flyktningar i 2016 og 2017.
8 av 9 formannskapsmedlemer røysta òg for rådmannen si tilråding om å ta i mot sju einslege mindreårige flyktningar i 2016. Fylkesmannen har bede kommunen om å husa 11 einslege mindreårige i 2017, som ein del av kvoten på minst 35, men den oppmodinga ønskjer ikkje kommunen å svara på før ein veit meir om omfanget av arbeidet knytt til denne gruppa.
Mikal Leigland (Sp) deltok ikkje i debatten kring mottak av flyktningar. Han vart kjent ugild ettersom firmaet hans har tilbode kommunen to bustader til utleige til flyktningar. Lars Erik Dalland (H) fungerte som vara for Leigland.